John Karsten Livden – lege og kyrkjebygger i Arna

Foto: John Karsten Livden hadde planlagt å reise til Kina som misjonær. Men Gud plasserte oss i Arna, seier han. (Foto: Audun Stølås)

John Karsten Livden blei fødd 14. juni 1944 og vaks opp på Laksevåg.

  • I dag kjenner eg meg heilt og fullt som Arna-buar. Eg ser det som gudfeldig at vi kom til Arna. Frå først av hadde eg tenkt å reise ut som misjonær i Kina. Eg var sterkt inspirert av mellom anna Annie Skau Berntsen – Søster Annie – som i mange år var  misjonær i Hongkong og Kina. Men eg kjenner no at Gud har plassert oss i Arna og er takksam for det, seier Livden til arnafolk.no

Han studerte medisin i Wien i Austerrike. Etter det måtte han ha tilleggseksamen i Noreg. Så var han i turnusteneste på Voss i eit år og på Stanghelle i eit halvt år.

Livden arbeidde som undervisningsleiar på sjukestova på marinebasen på Haakonsvern. Familien budde då hjå familien Almelid på Tungeland i Langedalen. Dei blei misjonærar i Afrika.

På den tiden var legedekninga i Arna kritisk dårleg. Legen som  var her, var meir enn fullbooka og kunne ikkje ta inn fleire pasientar. Livden opplevde då at fortvilte menneske stod i kø utanfor døra til han i heimen for å få legehjelp. Det var på denne tida mange flytta til Arna. Han starta då med ettermiddagspraksis i Arna ein dag i veka. Han utvida dette etter kvart og fekk fleire legar med seg. Han heldt på med dette til kommunen fekk orden på legedekninga i Arna. Livden blei då spesialist på hudsjukdomar og hadde praksis i Sentralbadet i Bergen.

Foto: Eit barne- og ungdomsarbeid som starta i blokkene i Stølsvegen, blei opptakten til at Arna Misjonsmenighet blei skipa i 1984. (Foto: Audun Stølås)

Han og kona Britt starta ei bibelgruppe i Arna. Etter kvart overtok dei det barne- og ungdomsarbeidet som Steinar Haugen hadde starta i blokkene i Stølsvegen. Dette arbeidet blei flytta til Ådnamarka skule og vaks og vaks jamt og trutt. Det blei starten på Arna Misjonsmenighet, som blei skipa i 1984 og tilknytta Misjonskyrkja i Noreg – eit av dei eldste frikyrkjesamfunn i landet.

Denne kyrkjelyden driv no sitt arbeid i nye og fine lokale i Hølbekken 1 på Arnatveit. Livden er framleis aktiv som forkynner. I sitt 80. år framførar han den kristne bodskapen med stor kraft og visdom.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Ett kommentar til “John Karsten Livden – lege og kyrkjebygger i Arna”

  1. Gerd Johanne Nyheim avatar
    Gerd Johanne Nyheim

    Ja,fin og god historie.
    Godt valg av Arna for han og oss.
    Lykke til videre.

Legg igjen en kommentar til Gerd Johanne Nyheim Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *