
Foto: Torstein Nesse fekk i 1998 kulturprisen for Arna for året 1997. (Foto: Audun Stølås)
Torstein Nesse blei fødd 1. august 1942. Han begynte som trenar for IL Fri i 1967. Saman med Otto Hellegård førte han IL Fri opp blant dei beste i norsk friidrett frå slutten av 1970-talet.
Torstein Nesse har sjølv aldri vore aktiv idrettsutøvar, fortel han i eit intervju med Reidun Bysheim i Mål og Miljø i 1998.

Torstein er også far til Arnaløpet og har vore ivrig speaker uner løpet, som blei arrangert for 40. gong i år.
På 80-årsdagen 1. august 2022 blei han hylla med Torstein Nesse Games, eit stemne til hans ære på Arna Idrettspark.
Saman med kona Liv har han hatt opphald på Gran Canaria i deler av vinteren i mange år.
Saman med Otto Hellegård dreiv han fotobutikk i Bergen sentrum i mange år.
Torstein Nesse fekk i 1998 kulturprisen for Arna for året 1997.
Legg igjen en kommentar til Gerd Johanne Nyheim Avbryt svar