Torstein Nesse – friidrettshøvding på Espeland

Foto: Torstein Nesse fekk i 1998 kulturprisen for Arna for året 1997. (Foto: Audun Stølås)

Torstein Nesse blei fødd 1. august 1942. Han begynte som trenar for IL Fri i 1967. Saman med Otto Hellegård førte han IL Fri opp blant dei beste i norsk friidrett frå slutten av 1970-talet.

Torstein Nesse har sjølv aldri vore aktiv idrettsutøvar, fortel han i eit intervju med Reidun Bysheim i Mål og Miljø i 1998.

Torstein er også far til Arnaløpet og har vore ivrig speaker uner løpet, som blei arrangert for 40. gong i år.

På 80-årsdagen 1. august 2022 blei han hylla med Torstein Nesse Games, eit stemne til hans ære på Arna Idrettspark.

Saman med kona Liv har han hatt opphald på Gran Canaria i deler av vinteren i mange år.

Saman med Otto Hellegård dreiv han fotobutikk i Bergen sentrum i mange år.

Torstein Nesse fekk i 1998 kulturprisen for Arna for året 1997.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Ett kommentar til “Torstein Nesse – friidrettshøvding på Espeland”

  1. Gerd Johanne Nyheim avatar
    Gerd Johanne Nyheim

    Ja, ikke mange som han. Ein Hedresmann av dimensjoner.
    På Grand Canary var han vel ein aktör til Norske plassen. Rydda stien i mange år med venner.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *