Arna-folk gjennom tidene
-
Magda Blanc – skodespelar med hytte i Indre Arna der jernbanestasjonen ligg no
Foto: L. Szacinski/Wikimedia Magdalena (Magda) Blanc blei fødd i Bergen 27. mars 1879 og døydde i Bergen 6. april 1959, 80 år gamal. Ho blei ei av dei største teaterprimadonnaer i Bergen i første halvdel av 1900-talet. Faren, Adolf Kristian Henriksson Blanc, fødd 1840, var bankkasserar. Han var av italiensk ætt på farssida. Mora, Magdalena…
-
Astrid Solveig Aardal – uløyst forsvinnings-/drapssak
Astrid Solveig Aardal blei fødd 14. desember 1913. Ho vaks opp på Haukeland. Ho forsvann sporlaust laurdag 18. januar 1958. Ho var då 44 år gamal. Astrid Solveig jobba ei tid på Janusfabrikken på Espeland. Ho utdanna seg til frisør og arbeidet i Sløks frisørsalong på Nesttun. Ho budde hjå ekteparet Else og Sigurd Hollekim,…
-
Berit Ommedal – bordtennisspelar og forkjempar for idrett for handikappa
Berit Ommedal fekk i 1996 Kongens fortenestemedalje i gull for sitt arbeid med idrettslaget Vivil. Foto: Privat. Utlånt fra familien. Ho blei fødd 15. januar 1940. Berit Ommedal døydde 28. februar 2017. Berit Ommedal var medlem av Espeland Bordtennisklubb (EBTK), ein klubb som i 1955 blei starta av Torleif Moklev med medlemmer i IL Fri.…
-
Kolbein Hommedal – treskjerar
Kolbein Hommedal var fødd 22. februar 1917 på Sausjord på Vossestrand som son til Knut Henriksson Hommedal (1883-1922) og Maria Kolbeinsdotter Arntveit (1917-2010). Faren hadde kjøpt gard på Sausjord og budde der med kona og to barn. 2. juledag 1922 fekk han hornet til ein okse støytt inn i sida og han mista livet av…
-
Kristina Brunborg – initiativtakar til Takvam kapell
Takvam kapell (Foto: Audun Stølås) Kristina Brunborg blei fødd i 1888 på garden Kvamstø i Ytre Arna. Ho gjekk på lærarskulen på Stord og kom tilbake til Haus herad i 1909. Her hadde ho ei lærarstilling som var delt mellom Takvam og Romslo. Ho gjekk begge vegar gjennom jernbanetunnelen. Kristina Brunborg tok det første initiativ…
-
Eivind Viken – krigshelt frå Unneland
Eivind Viken blei fødd i 1916. Han døydde 9. oktober 1999 i Melbourne i Australia. Eivind Viken vaks opp til å bli ein friskus, idrettsmann og eit friluftsmenneske, skreiv Kåre Unneland i Mål og Miljø for 1995. Han avtente verneplikta i Kongens Garde i 1937. Han melde seg som frivillig i Finlandskrigen etter at Russland…
-
Wollert Henrik Krohn – «Mirakeldoktoren»
Wollert Henrik Krohn blei fødd 2. januar 1858 i Lindås. Faren hans, Michael Krohn, var frå 1862 distriktslege i Indre Nordhordland med bustad i Mjeldalen på Osterøy. Wollert Henrik avla medisinsk embetseksamen i 1882 og kom straks etter til Ytre Arna. Folket i Ytre Arna hadde i lang tid arbeid for å skaffa seg fast…
-
Clive Scott – Janus-arbeidaren som innførte country-musikken i Noreg
Clive Scott blei fødd 10. mai 1933 i Malaysia av britiske foreldre. Han døydde 3. august 2015, 82 år gamal. Claudia Scott, datter til Clive Scott, blei fødd i Newcastle 8. oktober 1957 og vaks opp på Espeland. Foto: Bjørn Erik Pedersen/Wikimedia Han vaks opp i India og Skottland. Han reiste halve jorda rundt som…
-
Gudrun Kolderup – første kvinne-lege i distrikt-Noreg
Bildetekst: Søstrene Solveig (til venstre) og Gudrun Kolderup var begge leger. Også Solveig var ei tid assistentlege for dr. Krohn i Ytre Arna. Ho blei fødd 6. august 1871 i Kristiania. Gudrun Kolderup døydde plutselig og uventa under eit pasientbesøk på Garnes 13. juni 1931, nær 60 år gammel. Fabrikken i Ytre Arna stod stille…
-
Elizabeth Stephansen – første kvinne i Noreg som tok doktorgrad
Elizabeth var eldste dottar av fabrikkeigar Anton Stephan Stephansen og kona hans Gerche Reimers Jahn. Ho var oppkalla etter sin mormor og hennar fulle namn var Mary Ann Elizabeth (Betzy) Stephansen. Ho blei fødd 10. mars 1872 i Bergen, død 23. februar 1961 på Espeland. Ho blei den første norske kvinne som tok doktorgrad. Ho studerte matematikk i…