Arna-folk gjennom tidene

  • Bjarne Befring – initiativtakar til Reppardalsvegen

    Bjarne Befring reiste i 1976 saka om opprusting av den gamle stien til Reppardalen i bustad- og miljøutvalet, eit underutval i Bydelsutvalet. (Foto: Privat) Bjarne Befring blei fødd i Stardalen i Jølster i Sunnfjord 11. juni 1922. Han kom til Arna som elev på målarlina på Statens Husindustriskule på Festtangen straks etter krigen. Han slo…

  • Marta Skeie – jordmora som dreiv eiga fødestove i Arna i 20 år

    Marta Skeie ble fødd 28. desember 1907 på garden Skeie i Steinsdalen i Norheimsund. Ho var ferdig utdanna jordmor på Kvinneklinikken i Bergen i 1937. I om lag seks år var ho distriktsjordmor i Tjongsfjord i Nordland. Marta kom til Arna som distriktsjordmor i 1944. Ho leigde husvære privat til ho bygde eige hus i…

  • Ragnvald Solberg – mannen bak Arna Bruk

    Ragnvald Solberg blei fødd 21. mai 1897 på Osterøy. Han utdanna seg til møbelsnekkar. I 1922 fekk han låne til saman 6.500 kroner som skulle gå til reising av møbelfabrikk og bustadhus i Lonevåg. Fabrikken hadde 25-30 tilsette. I 1941 brann møbelfabrikken ned. I åra 1941-1947 bygde han ny fabrikk på Arnatveit, Arna Bruk. Der…

  • Albert Larsen – bygdeoriginal i Arna

    Albert Larsen var ein kjent person i Arna i si tid. (Foto: Sture Nepstad) Med sitt lange, kvite skjegg, sin svarte hatt og svarte dress blei Albert Larsen rekna for ein bygdeoriginal i Arna. Fredag 20. september 1996 hadde Bygdanytt eit portrett av han laga av journalist Ørjan Brattetveit. Albert blei fødd 6. august 1903…

  • Aasmund Mjeldheim – fylkeskultursjef i Hordaland

    Foto: Aasmund Mjeldheim kom med framlegget om at TV2 burde plasserast i Bergen. Foto: Privat Aasmund Mjeldheim blei fødd 29. september 1936. Han døydde 18. november 2016. Aasmund begynte som kulturkonsulent i Hordaland  fylkeskommune i 1978. To år seinare blei han forfremma til fylkeskultursjef. Han bygde opp den nye kulturavdelinga i fylket. Alsaker sa at…

  • Bastian Haugland – fagforeiningsleiaren som blei oppsagt ved Arne Fabrikker i 1908

    Bastian Haugland blei fødd på Haugland 27. april 1876. Han døydde 21. november 1965, 89 år gamal. Bastian Haugland var den første fagforeiningsleiaren då Arne Arbeidarforeining slutta seg til Arbeidsmandsforbundet i februar 1908. Foreininga sette straks fram krav om 8-timarsdag for skiftarbeid og andre tariffkrav. Arna Tekstilarbeidarforeining skriv i jubileumsskrivet sitt frå 1939: Men etter…

  • Hjalmar Unneland – indianarane sin mann i Arna

    Hjalmar Unneland blei fødd 24. februar 1908 som son av Anna Kristine og Sjur Unneland. Han døydde 25.november 1992, 84 år gamal. Han arbeide i fargeriet på Janusfabrikken. Det blir fortalt om han at han sang dagen lang og var en mann full av historier. Han var ugift og kvar fredag gjekk han til Perabutikken…

  • Lars Martinusson Ådna – museumsbyggar og ættesogeskrivar

    Ådnatun museum. Foto: Svein Harkestad Lars Martinusson Ådna blei fødd 24. april 1884 og vaks opp på Ådna gard. Det var faren hans, Martinus Revheim frå Osterøy, som kjøpte denne garden i Indre Arna. Lars Martinusson Ådna døydde 20. februar 1971. Lars utdanna seg til lærar. Han tok arbeid i framhaldsskulen, der det var kortare…

  • Einar Tesdals dramatiske presteliv

    I 1968 var det 117 konfirmantar i Arna kyrkje og sokneprest Einar Tesdal var åleine om alt arbeidet med konfirmantane. (Foto: Walter Øybø) Einar Tesdal blei fødd 14. februar 1905 på Stord. Han døydde i 1979, 74 år gamal. Han blei konfirmert i Stord kyrkje 21. september 1920 saman med mellom andre tvillingbroren Sverre. Våren…

  • Ingeborg Eikanger – menighetssøster i Haus frå 1922 til 1951

    Ho blei fødd 3. februar 1891 og vaks opp i Eikangervåg i Osterfjorden, tok utdanning ved Menighetssøsterhjemmet i Oslo og kom til Arna 1. januar 1922. Ho var åleine som helsesøster, heimesjukepleier og heimehjelp både i Arna og i den delen av Osterøy som låg i Haus kommune. Ho tok seg fram på sykkel i…