Arna-folk gjennom tidene

  • Leiv Mjeldheim – historieprofessor, lærebokforfattar, journalist og vegnamnforfattar

    Leiv Mjeldheim blei fødd 26. januar 1929 i Arna. Han døydde 12. oktober 2011. Han gjekk på Voss landsgymnas, tok magistergrada i statsvitskap i 1953. Mjeldheim var utanriksmedarbeider i Bergens Tidende frå 1955 til 1966. Han blei seinare tilbode stillinga som sjefredaktør i avisa, men valde historiefaget, akademia, studentane, undervisninga og forskinga. Boka «Haus Selvhjelpskontor…

  • Magne Kippersund – starta skofabrikk i Langedalen

    Magne Kippersund starta skofabrikk, hønseri, vaskeri, fiskedammer og kaninfarm. (Foto: Privat) Magne Kippersund blei fødd i Bud i Romsdal 7. mai 1911. Han var ein entreprenør som starta skofabrikk på Steinsvollen med 40 tilsette på det meste, hønseri med 2.000 høner, vaskeri, fiskedammer og kaninfarm Faren hans, Bastian, var også skomakar. 15 år gamal begynte…

  • Ivar Aasgaard – kjøpmannen som hjalp ungdom til eit levebrød

    Ivar Aasgaard var kjøpmann, leiar for husflid og sjølvhjelp og yrkesopplæring for ungdom. Han var fødd i Kinn i Sunnfjord i 1873. Faren Gudmund var frå Aasgard i Lindås og mora Ingeborg født Ytre Eide var frå Ostereidet. Foreldre dreiv ei tid handel i Rognaldsvåg i Kinn, og kom i 1875 til Ytre Arna, der…

  • Mons Sletten – varmhjerta skulestyrar og oppfinnar av drikkefontene

    Mons Sletten var skulestyrar, organist og klokker. Han var fødd 19. desember 1868 på Myking i Lindås. Han kom til Fabrikkskulen i Ytre Arna som førstelærar i 1902. Han blei seinare styrar på skulen. Sletten var også kyrkjesongar. Han skipa blandakoret «Vårvon» og var aktiv i fråhaldslaget og misjonsarbeidet. Han skipa Arna mjølkeutsal i kjellaren…

  • Randolf Johan Strømme – treskjerar med sportsbutikk på Espeland

    Foto: Randolf Johan Straume fotografert i Moldalia (Foto: Privat) Randolf Johan Strømme blei fødd 7. mai 1923 på Espeland. Dei første åra budde han i Stephansensveg. Då han var 11 år flytta familien inn i nytt hus i Moldalia. Han arbeide på Janus-fabrikken, med anleggsarbeid, hos Mestad på Espeland med trearbeid, hos Bahus på Nesttun…

  • Johannes Mjeldheim – odelsguten som blei bok-, hage- og bygdekunstnar

    Foto: Johannes Mjeldheim var aktiv i motstandsrørsla under krigen (Foto: Privat) Johannes Mjeldheim blei født 7. februar 1926 på slektsgarden på Mjeldheim. Som odelsgut skulle han overta slektsgarden. Men då han såg kor mykje utbygginga av den nye togstasjonen tok av garden, måtte han finna på andre ting å gjera. Han begynte først å jobbe…

  • Nils M. Arnetvedt – Kina-misjonær og den første formann og sekretær i Misjonssambandet

    Nils Mikkelson Arnetvedt i 1927. Foto: Larm. Kjelde: Misjonstidende 27.6.1927 Nils Mikkelson Arnetvedt blei fødd 9. september 1846 som den yngste av 11 barn. Fem av barna døydde før dei var to år gamle. Faren var Mikkel Knutson (1801-1893) og mora var Ågota Andreasdotter Romslo frå Romslo. Dei gifta seg i 1824. Nils. M. Arnetvedt…

  • Johannes Nævdal – formidlar av kultur og lokalhistorie

    Johannes Nævdal blei fødd 7. august 1922 i Ytre Arna. Han vaks opp på Hesthaugen. Johannes mista mor si i ung alder. Han har sjølv fortald at han blei godt tatt vare på av stemora Klara. Allereie då han var i 6. klasse arbeide han i fabrikken. Han arbeide også som dreng fleire stader. Han…

  • Kåre Unneland – samfunnsbyggar og friluftsmann

    Kåre Unneland som ung soldat Kåre Unneland blei fødd 21. mars 1926. Han vaks opp på Nilsgarden på Unneland som den nest yngste av ni søsken. Oldeforeldra til Kåre – Gunhild og Sjur – kom i 1840 frå Romarheim og overtok hovedbruket på Unneland. Det hadde vore i eige til Munkeliv kloster fram til reformasjonen,…

  • Peder Johan Haldorsen – den første kjøpmann på Espeland

    Peder Johan Haldorsen arbeide på Janus-fabrikken frå starten og starta butikk arbeidarbustaden året etter. Peder Johan Haldorsen blei fødd i Salhus i 1869. 25 år gamal kom han til Espeland for å få seg arbeid i den nybygde fabrikken. Året etter at fabrikken kom i gang, begynte Peder med butikk i bustaden som var satt…