Arna-folk gjennom tidene
-
Reidunn Marit Bjørnberg – første eldresenterleiar i Arna
Bildetekst: Reidunn Bjørnberg er kreativ på mange områder. Foto: Audun Stølås Reidunn Marit Bjørnberg blei fødd 24. april 1938 på Risnes. Ho gjekk på folkeskule på Trengereid og på realskulen på Garnes. Etter det jobba ho to år som au pair ved Den norske ambassaden i London. Då ho var på veg heim frå London…
-
Rune Henrik Berge – frivillig i Ljoshall, fangeleiren og kyrkjelyden
Rune Henrik Berge er godt orientert om det som skjer i Arna. Foto: Audun Stølås Rune Henrik Berge blei fødd 1. september 1954. Han blei fødd i fødestova til Marta Skeie i Rokneholo i Indre Arna. Faren var Leif Berge, likningssjef i Haus kommune. Mora var Astrid Berge, den første nattevakt på Arna Helseheim etter…
-
Oddmund Bildøy – elektroingeniør med åtte år i bystyret
Oddmund Bildøy vaks opp på Sævareid. Foto: Privat Oddmund Bildøy blei fødd 14. februar 1934. Han vaks opp på Sævareid i Strandvik kommune. Faren, Mathias, frå Bildøy på Sotra, var styrar på Handelslaget. Mora Rannveig var frå Florø. Etter endt folke- og framhaldsskule jobba han ei tid i Sævareid papir- og kartongfabrikk. Han gjekk eit…
-
Jan Davidsen Raa – brannmann, politikar, forbundsleiar og pensjonistleiar
Jan Davidsen Raa er mangeårig forbundsleiar. Foto: Wikimedia Jan Davidsen Raa er fødd 24. juli 1949. Han utdanna seg til brannmann og fekk sine første røynsler i fagrørsla i Brannmennenes Fagforeining i Norsk Kommuneforbund. Han blei vald til nestleiar i Norsk Kommuneforbund i 1990. Frå 1995 til 2003 var han leiar i Norsk Kommuneforbund. Han…
-
Fritz Carl Rieber – faren til Ulrikstunnelen og Toro-fabrikken i Arna
Fritz Carl Rieber tok initiativ til togtunnelen gjennom Ulriken (Foto: Wikimedia Commons) Fritz Carl Rieber blei fødd 7. juni 1903. Han døydde 6. februar 1978, 74 år gamal. Fritz Carl Rieber budde aldri i Arna. Men ein mann som har ordna med togtunnelen gjennom Ulriken og at Toro-fabrikken blei plassert på Mjeldheim, har sikra seg…
-
Bjørg Mæstad – misjonær i Kenya og engelsklærar i Kina. Måtte lære alt på nytt etter livstruande påkøyrsel
Bjørg blei vigsla til misjonær under ei misjonssamling på Kongshaug på Lepsøy i 1976. Frå venstre faren Olav Mæstad, Bjørg, mora Borghild og søster Åshild Mæstad. (Foto: Audun Stølås) Bjørg Olaug Mæstad er fødd 20. mai 1949 på Tungland i Langedalen. Bjørg Olaug som elev på Kongshaug folkehøgskule 1967-68. (Foto: Privat) Ho gjekk på lærarskulen…
-
Ingmar Ljones – stortingsmannen som bygde Kyrkjelydshuset i Indre Arna. – Eit Guds under at eg blei fødd, fortel han
Ingmar Ljones med bilde av Arna kyrkje måla av Sverre Myklebust i 1992. Ramma er laga av Ragnar Skauge. (Foto: Audun Stølås) Ingmar Ljones er mannen som bygde Kyrkjelydshuset i Indre Arna. Men han bygde det ikkje åleine. Med seg hadde han 141 kvinner og menn som til saman utførte om lag 19.800 dugnadstimar. Dessutan…
-
Torstein Nesse – friidrettshøvding på Espeland
Foto: Torstein Nesse fekk i 1998 kulturprisen for Arna for året 1997. (Foto: Audun Stølås) Torstein Nesse blei fødd 1. august 1942. Han begynte som trenar for IL Fri i 1967. Saman med Otto Hellegård førte han IL Fri opp blant dei beste i norsk friidrett frå slutten av 1970-talet. Torstein Nesse har sjølv aldri…
-
Hilmar Anton Severin Vasstrand – presten som vigsla Takvam kapell i 1926 og laga hagen Sanatoriet i Haus
Bildetekst: Haus-presten Hilmar Anto Severing Vasstrand saman med kona Anna, fødd Sandborg. Ho døydde i Haus i 1957, 85 år gamal. Hilmar Anton Severin Vasstrand er presten som i 1926 vigsla Takvam kapell. På Osterøy er han mest kjent som presten som laga den vakre hagen Sanatoriet i Haus. Hilmar blei fødd 4. januar 1862…
-
Johannes Steinsland – leiar for motstandsarbeidet i Ytre Arna under krigen
Johannes Steinsland blei fødd 8. november 1915 i Samnanger. Han døydde i 1987, 71 år gamal. Steinsland var under krigen med i Bjørn West kompani 4. og var ein av leiarane der. Han blei arrestert 19. april 1943. Grunnen var kontakt med russiske krigsfangar. Fram til 4. mai satt han i Bergen kretsfengsel før han…