Takvam kapell (Foto: Audun Stølås)
Kristina Brunborg blei fødd i 1888 på garden Kvamstø i Ytre Arna. Ho gjekk på lærarskulen på Stord og kom tilbake til Haus herad i 1909. Her hadde ho ei lærarstilling som var delt mellom Takvam og Romslo. Ho gjekk begge vegar gjennom jernbanetunnelen.
Kristina Brunborg tok det første initiativ for å få bygd eit kapell på Takvam. Gravplassen på Takvam blei vigsla 15. oktober 1912 av biskop John Willoch Erichsen. 6. januar 1922 utga Kristina Brunborg saman med nokre menn i bygda ei innsamlingsliste der folk kunne gi pengar til å byggja eit kapell på gravplassen. Kristina var då leiar for eit kvinnelag på Skuggestrand.
Fram til utgangen av 1925 kom det inn 865,50 kroner på lista. 7-8 kvinnelag arbeide også med å skaffa kapital til kapellet. Det var kome inn 2.655 kroner då handelsmann Karl Herland lånte ut 2.655 kroner slik at bygginga kunne koma i gang. Knut Tunes, Johannes Tunes, Karl Herland, Ole Herland og Lars Brunborg var med i byggjenemnda. Byggmeistar Ivar Namtveit laga teikningane og Anders Koppen sette opp kapellet.
Kapellet blei vigsla skjærtorsdag 1. april 1926 av prost Hilmar Anton Severin Vasstrand. Kostnaden for byggjinga av kapellet var då 4.700 kroner. Då var det elektriske anlegget og måling teke med. Siri Herland hadde gjeve alterduk og ljosestakane til kapellet og i tillegg 200 kroner.
ANNONSØRINNHALD
Ebok
Kr. 49
Mannen som skulle redde verden
Noah Herland fra New York er overbevist om at menneskene snart har gjort Jorden ubeboelig. Han kommer til Risnes for å danne en koloni av mennesker fra hele verden som skal overleve katastrofen i den nedlagte kalkgruven.
https://www.norli.no/boker/skjonnlitteratur/krimboker/mannen-som-skulle-redde-verden
I 20 år dreiv Birgit og Ole Herland søndagsskule i kapellet.
Etter kvart satte forfallet inn. Klokketårnet var i ferd med å rotne. Til 50-årsjubileet i 1976 var kapellet i ei sørgjeleg forfatning. Bygdefolket hadde ikkjefått kommunen med på noko vedlikehald. Det var fleire år sidan det var halde gudsteneste i kapellet.
Prestane i Arna var ikkje klar over at det vare noko kapell på Takvam. I samband med ei gravferd på Takvam hadde sokneprest Finn Halle Tvedt sett inn i kapellet. Han såg då at arbeidskleda til gravarane lå spreid utove benkane. Han trudde difor at dette var ein arbeidsbrakke.
Halle Tvedt og Monrad Ulveseter, som då var kyrkjetenar i Arna kyrkje, var einige om at Ulveseter skulle høyra om folket på Skuggestrand ville ha eit 50-årsjubileum. Han kontakta Kari Takvam. Ho var leiar for Skuggestrand husmorlag og hadde i mange år arbeid ihuga for kapellet.
Husmorlaget og Indremisjonen gjekk saman om å skipa til jubileumsfest på Tunes bedehus. Tanken var å ha ei skikkeleg avskil med kapellet. På festen spurde Halle Tvedt om folket framleis ville ha årleg gudsteneste i kappelet slik det hadde vore tradisjon for i lang tid. Det ville folket og Halle Tvedt tok oppat tradisjonen med gudsteneste i kapellet på helgemessesøndag.
Året etter, i 1977, var det residerande kapellan Ingvar Fykse som forretta gudstenesta. På festen på Tunes bedehus gjorde han framlegg om at det blei skipa ei fast nemnd for kapellet. Framlegget blei teke vel imot og ei slik nemnd blei vald med det same Haldor A. Romslo blei vald til den første leiaren. Kari Takvam, Håkon Tunes, Trygve Herland og Klara Ulveseter blei også med i nemnda. Haldor A. Romslo var leiar heilt fram til 2000. Klara Ulveseter tok då over som leiar.
Nemnda skaffa nytt inventar til kapellet. Dei fekk på plass nye stolar, meir ljos, alterbord, alterduk, talerstol og orgel. Alt dette var på plass året etter at nemnda blei skipa. Seinare kom det døpefont. Den første dåp i kapellet var i 1982. Same året fekk kapellet kyrkjeklokke. Det var ei gamal kyrkjeklokke som Arne Fabrikker i Ytre Arna hadde brukt til arbeidsklokke og brannalarm. I 1980 blei det første Takvamstemnet arrangert.
Tanken om ei utviding av kapellet kom stadig sterkare. Arkitekt August Vold laga nye teikningar og for det fekk av ein favn ved. Bergen kommune gjorde i mai 1987 vedtak om å løyva 700.000 kroner til utviding av kapellet. Vedtalet blei gjort på ordføraren sin sommarfullmakt. Ordførar på den tida var Henrik J. Lisæth, Høgre. Arbeidet starta i juli 1987. Byggmeistar Trygve Romslo tok på seg ansvaret for oppføringa av bygget. Han arbeide gratis og fakturerte berre for materialene og arbeidet som underleverandørane gjorde.
Det blei klårt at kapellet var i ein langt dårlegare forfatning enn nokon hadde trudd. Store deler av treverket hadde fått råte. Difor måte kapellet byggjast heilt nytt. Det nye kapellet blei om lag dobbelt så stort som det gamle. Med sine 38 sitjeplasser hadde det gamle Takvam kapell vore eit av dei minste gudshus i landet. Ofte er det undredal kyrkje i Aurland kommune som med sine 40 sitjeplasser blir rekba som det minste Etter utvidinga har Takvam kapell 50 sitjeplasser.
Eit nytt kapell stod ferdig i 1988. Kapellet blei vigsla av biskop Per Lønning 5. juni 1988. Hans forgjengar på Bjørgvin bispestol, Thor With, var også til stades.
To biskopar, ein domprost og fem prestar deltok under vigslinga, skreiv Klara Ulveseter i Mål og Miljø.
I 1989 vart det for første gong arrangert konfirmasjon i kapellet. Dei fleste åra sidan har det vore konfirmasjon i kapellet, for det meste mmed åtte konfirmantar. Frå 1989 har det kvart år vore halde olsokgudsteneste i Takvam kapell.
I 1990 fekk kapellet eit ikonkrusifiks som altertavle. Det er laga av kunstnaren Solrunn Nes.
Det første bryllupet i kapellet blei halde i 1994. Brura var Berte Marie Ulveseter og brudgommen var Maurizio Dioli frå Italia.
Her kan du få ein omvisning i Takvam kapell:
Legg igjen en kommentar