Rune Henrik Berge – frivillig i Ljoshall, fangeleiren og kyrkjelyden

Rune Henrik Berge er godt orientert om det som skjer i Arna. Foto: Audun Stølås

Rune Henrik Berge blei fødd 1. september 1954. Han blei fødd i fødestova til Marta Skeie i Rokneholo i Indre Arna.

Faren var Leif Berge, likningssjef i Haus kommune. Mora var Astrid Berge, den første nattevakt på Arna Helseheim etter at heimen blei opna i 1955. Det første året etter at Rune blei fødd, budde familien i Ytre Arna. I 1955 flytta dei inn i ny bustad i Stølsvegen i Indre Arna.

Rune arbeide i mange år som vaktmeister i Bergen kommune. Han gjorde teneste både i Arna og Åsane.

For åtte år sidan begynte han som frivillig i Espeland fangeleir. Han var med på å bygge opp arbeidet i fråhaldslaget i Ljoshall. Mellom anna var han med på å arrangere dans for handikappa saman med Jørgen Eliassen.

Han er også aktiv medhjelpar i Arna kyrkjelyd.

Rune Henrik Berge er svært godt orientert om det som skjer i Arna.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Ett kommentar til “Rune Henrik Berge – frivillig i Ljoshall, fangeleiren og kyrkjelyden”

  1. Gerd Johanne Nyheim avatar
    Gerd Johanne Nyheim

    Ja, han er flink og snild kjenner de fleste i gamle Arna.
    Kjekt å slå av ein prat med han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *