Oddmund Bildøy vaks opp på Sævareid. Foto: Privat
Oddmund Bildøy blei fødd 14. februar 1934. Han vaks opp på Sævareid i Strandvik kommune. Faren, Mathias, frå Bildøy på Sotra, var styrar på Handelslaget. Mora Rannveig var frå Florø.
Etter endt folke- og framhaldsskule jobba han ei tid i Sævareid papir- og kartongfabrikk. Han gjekk eit år på Framnes folkehøgskule før han jobba eit år på skulen med vedlikehald.
I 1953-55 tok han utdanning ved Bergen tekniske fagskule. Etter det var han lærling i el-faget. Etter det tok han vidareutdanning til ingenør ved Skiensfjordens tekniske fagskule i Porsgrunn.
Oddmund arbeide som høgspentmontør i Fana E-verk til han frå 1962 byrja i Haus El-forsyning. Då Arna i 1964 blei eigen kommune, blei han overført til Arna, og frå 1972 til Bergen kommune.
Han arbeide ved Bergen Lysverker frå 1972 til 1992, der han mellom anna hadde prosjektansvar for ny driftssentral. Frå 1996 blei Bergen Lysverker innlemma i BKK, der Bildøy hadde sin arbeidsplass til han blei pensjonist i 2000.
I 1959 traff han Asbjørg Mæland frå Bømlo i ungdomsmiljøet i Bergens Indremisjon i Betlehem.
Dei gifta seg i 1961 og flytta til Arna i 1962. I 1966 flytta dei inn i eigen bustad i Seimsvegen, der dei budde til våren 2017, då dei flytta inn i Arna Urban. Asbjørg og Oddmund fekk fem barn, Ingunn, Rannveig, Arvid, Sissel og Liv Marit.
Etter at Oddmund flytta til Arna, har han hatt ulike verv innan politikk og frivillig organisasjonsarbeid, mellom anna tre periodar i Arna sokneråd. Han var aktiv i Arna KrF, der han var med i Hovudstyret i Bergen KrF.
Tida som pensjonist blei ikkje slik han hadde sett fram til. Han fekk diagnosen Parkinson, som utvikla seg slik at han blei avhengig av hjelp på mange måtar. Det siste året var han fast brukar ved Arna Helseheim.
Oddmund Bildøy døydde 28. mars 2023.
- Du tenkte sjøl. Fulgte ikkje strømmen. Brydde deg ikkje om kva andre tenkte. Og hadde null autoritetsskrekk. Du var ordentleg og nøyaktig og grundig. Gjorde fint arbeid. Var ein arbeidskar, skreiv dottera Ingunn i eit minneord på Facebook i februar 2024.
- Hagen var din hobby. Kjekt å vekse opp blant dine blomster og roser. Til helga pleidde du ta ein runde i hagen og klippe med deg ein bukett inn til mamma.
- De sørga for at me fekk komme på leir, søndagskole, teater, sirkus, ponniridning på Fanafjellet, på kino og sjå Flåklypa, bli med i korps og speidar, spele piano, gå på folkehøgskole, 3 av mine søsken var utvekslingsstudentar i USA, skeiv Ingunn.
- Om somrane var det camping på Sørlandet. Solskinsdagar om vinteren dro me til Kvamskogen og stod på ski til Negerlandsbyen og Såta og rente ned Breiarusta.
- Du sparte deg ikkje. Mye tid og krefter har du lagt ned for hus og heim. Du treivst godt i jobben og var aktiv i mye styre og stell, men familien var viktigast. Du stilte opp. Heldig var eg som fekk deg til far. TAKK!
- Dine gode herlege replikkar hadde du livet ut. Og du brydde deg. Heilt til det siste. No har du det godt. Du løyste livet ditt bra. Vel levd. I takknemlighet og respekt. På gjensyn, skreiv Ingunn.
Legg igjen en kommentar