Fritz Carl Rieber tok initiativ til togtunnelen gjennom Ulriken (Foto: Wikimedia Commons)
Fritz Carl Rieber blei fødd 7. juni 1903. Han døydde 6. februar 1978, 74 år gamal.
Fritz Carl Rieber budde aldri i Arna. Men ein mann som har ordna med togtunnelen gjennom Ulriken og at Toro-fabrikken blei plassert på Mjeldheim, har sikra seg ein plass blant Arna-folk.
Det var i mellomkrigsåra Fritz overtok leiinga i familiebedrifta Rieber & Søn. Hans arbeid i bedrifta hadde starta med at han reiste rundt på Vestlandet og selde eddik, som var det første produktet til bedrifta etter at den var starta av farfaren til Fritz, Paul Gottlieb Rieber i 1839. Tyskfødte Paul Gottlieb Rieber var i 1817 med familien om bord på det nederlandske emigrantskipet «de Zee Plog» på veg til USA. Men i Atlanterhavet kom skipet ut for ein storm som førte det nord for Skottland. Skipet forliste utanfor Herdla. Paul Gottlieb var då åtte år gamal og mista foreldra i skipsforliset.
Fritz var industrimann og sterkt oppteken av samferdselsprosjekt. I 1956 skreiv han til Samferdselsdepartementet og foreslo ein ny finansieringsordning for ein jernbanetunnel gjennom Ulriken. Tre år seinare var bygginga i gang. Klokka 16.20 1. august 1964 køyrte det første toget gjennom Ulrikstunnelen frå Arna til Bergen. Bergensbana blei då forkorta med 21 kilometer.
Fritz Rieber var også initiativtakar til Puddefjordsbrua, Eidsvågtunnelen, Grieghallen i Bergen og Aboretet på Milde.
Frå 2012 er det Orkla som eig Toro-fabrikken.
Legg igjen en kommentar