Eivind Viken – krigshelt frå Unneland

Eivind Viken blei fødd i 1916. Han døydde 9. oktober 1999 i Melbourne i Australia.

Eivind Viken vaks opp til å bli ein friskus, idrettsmann og eit friluftsmenneske, skreiv Kåre Unneland i Mål og Miljø for 1995.

Han avtente verneplikta i Kongens Garde i 1937.

Han melde seg som frivillig i Finlandskrigen etter at Russland angrep Finland i 1939. 9. april 1940 var han i Sverige, men reiste straks til Midtskogen ved Elverum og deltok i kampane der. Då dei var slutt, reiste han til Nord-Norge og rakk så vidt fram før kampane tok slutt. Etter det reiste han med tog gjennom Russland til India og via Sør-Afrika til England. Det britiske militæret utdanna og utrusta han då til å vera spion på norskekysten og melde om all tysk båttrafikk. Viken ble sendt over Nordsjøen ni gonger. På aude stader låg han  i skjul saman med ein annan spion. Kvar av dei hadde vakt i fire timer og fri i fire timer, døgeret rundt, i opptil åtte månader. Det var alltid fare for at tyskarane skulle oppdaga kvar morsesignala kom frå og pågripe dei.

I november 1941 blei han frakta frå Shetland til Stavenes i Sunnfjord  av Leif Larsen – Shetlands-Larsen. Stavenes var ein gard nord for Askvoll. Våren 1942 vart dei hent av eit sjøfly på Stavenes. Det var då teikn på at Gestapo var i ferd med å finne fram til dei. Det skjedde etter etterretningsarbeidet som Gestapo gjorde etter utslettinga av Televåg. Både Viken, makkaren hans Ole Snefjellå og familien på staden som hjelpe dei, Petrine og Chester Saltskår med den to år gamle sonen deira, måtte flykta. Flyet letta rett over ein tysk vaktbåt. Mannskapet på vaktbåten skaut ikkje på flyet, truleg fordi dei ikkje trudde at nokon kunne vera så dristige at dei flaug inn i ein fjord med vaktmannskap. For denne hendinga fekk Eiviind Viken og dei andre i flyet kong Haakons krigskross med sverd, ei av dei høgste utmerkingane.

ANNONSØRINNHALD

Ebok/Kindle Book

Islandsk husmor bortført av sjørøvere til arabisk harem

9,99 dollar

https://www.amazon.com/s?k=Audun+St%C3%B8l%C3%A5s&crid=GG5GUJJ11YII&sprefix=audun+st%C3%B8l%C3%A5s%2Caps%2C162&ref=nb_sb_noss

Etter krigen ville Eivind Viken livnæra seg som lastebilsjåfør. Det blei utlyst 21 løyver til å køyre lastebil. Det var 22 søkjarar. Eivind Viken var den einaste som ikkje fekk løyve. Mange som hadde køyrt for tyskarane under krigen fekk løyve.

Øverstkommanderande på Vestlandet, Ragnvald Roscher Nielsen, blei rasande då han fekk høyre om dette og ville personleg ringe til kong Haakon og få vedtaket omgjort. Men Viken takka nei til det. Som britisk etterretningsmann hadde han skrive under på at ikkje noko av det han hadde vore med på under krigen skulle offentleggjerast før etter 50 år. Det var derfor ingen i Arna eller nokon anna stad som visste kva han hadde vore med på. Grunnen til dette hemmeleghaldet var frykten for at russarane kunne angripa Vest-Europa og etterretningsfolka igjen måtte leggja seg på post, skriv Kåre Unneland i Mål og Miljø 2020.

Etter det emigrerte Viken til Australia. Han var då nedbroten, bitter og skuffa, sa Kåre Unneland i ein tale ved avdukinga av minnesmerket over Eivind Viken på Unneland 17. mai 1995.

Kona Olga frå Selje i Nordfjord var ein solid støtte for Eivind Viken gjennom livet og ho vart beden om å foreta avdukinga av minnesmerket.

Arnfinn Haga har skrive bok om Eivind Viken. «Vår mann på kysten» er tittelen på boka. Her skriv han at Viken var ein av dei norske SIS-telegrafistane som låg lengst ute i felten. Viken var radiotelegrafist i den britiske etterretningstenesta Secret Intelligence Service (SIS)  frå hausten 1941.

I juni 1944 blei han og makkaren hans beden av britane om berre å sende vermeldingar. Dei undra seg over dette, men gjorde som dei blei bedne om. Seinare fekk dei vite at dette var viktig for å få pålitelege vermeldingar til den store aksjonen i Normandie.

Etter at Viken døydde i Australia blei urna frakta til Arna og sett ned på Mjeldheim gravplass.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

2 kommentarer til “Eivind Viken – krigshelt frå Unneland”

  1. Anne-Lene Viken avatar
    Anne-Lene Viken

    Eivind er korrekt, medan Eyvind er ukorrekt.

    1. Audun Stølås avatar

      Takk for det. Har retta det opp

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *