Ingmar Ljones med bilde av Arna kyrkje måla av Sverre Myklebust i 1992. Ramma er laga av Ragnar Skauge. (Foto: Audun Stølås)
Ingmar Ljones er mannen som bygde Kyrkjelydshuset i Indre Arna. Men han bygde det ikkje åleine. Med seg hadde han 141 kvinner og menn som til saman utførte om lag 19.800 dugnadstimar. Dessutan bygde han først Kyrkjelydshuset, så tok han ein periode på Stortinget etter det. Men la oss ta det frå starten.
- Eit Guds under at eg blei fødd
Ingmar Ljones blei fødd 3. desember 1943 på garden Ljones i det som då var Strandebarm kommune i Hardanger, i dag Kvam kommune.
- Fødselen min i 1943, altså i krigsåra, var dramatisk. Mor hadde «tentativ termin» som det heitte, med meg 21. november. Fosteret var uvanleg stort, og distriktslegen var uroa over storleiken på fosteret, ujamn fosterlyd og at mor vart stadig tunnare og hadde lite krefter. 11 dagar etter termin – altså 2. desember. rett før klokka 1800, melde eg min ankomst, fortel Ingmar Ljones.
- I midten av november hadde tyskarane stramma inn opningstida både for telefonbruk og på den tyske passkontrollstasjonen mellom Ljones og Fosse, slik at alt var stengt frå kl. 1800 fram til kl. 0600 neste dag. Ingen fekk passera – punktum. Jordmora kunne altså ikkje verta varsla før tidlegast i 0600-tida neste dag. Det kunne vera for seint. «Barselskonene» på Innstranda vart difor varsla. Dei hadde erfaring med fødsler i påkommande tilfelle.
- Far min og bror hans bestemte seg difor å prøva å fa tak i jordmora som budde på Fosse i Strandebarm. Dei sykla i mørkret og måtte bera syklane sine gjennom skogen utanom kontrollstasjonen for å gje melding til jordmora i Standebarm. Dersom dei vart oppdaga av tyske patruljar, fekk dei automatisk 1 døger i fengsel.
- Men 2. desember vart ein merkedag, for då hadde jordmora og distriktslækjaren fått eit lisenskort slik at dei kunne passera kontrollstasjonen til alle tider på døgeret utan restriksjonar.
- Far min og bror hans kom seg velberga forbi kontrollstasjonen, og dei nådde fram til jordmora som raskt starta den 8 km lange sykkelturen frå Fosse til Ljones. Ho fekk passera passkontrollen og hasta vidare til Ljones. Der var situasjonen kritisk både for mor og foster. Mor hadde ingen krefter igjen, og dei tre «lokale fødselshjelparane» hadde gitt opp. Jordmora handla raskt. Ho kunne ikkje bruka tang, men som ved eit Guds under fekk ho lirka meg ut og berga både mor og barn. Eg vog 22 merker (5,5 kilo), og hadde tært uvanleg mykje på mor sine krefter, fortel Ljones.
Båtbyggjar-slekt
Ingmar var nummer fire av seks søsken. Faren var båtbyggjar og gardbrukar. Han bygde åleine om lag 20 båtar i året. Han sa ofte at han måtte «klemma på» og byggja så mange båtar for å halda liv i kyrne. Gardsbruket kasta ikkje så mykje av seg. Farfaren var også båtbyggjar og begge fekk plass til denne verksemda i skytja. Farfaren bygde båtar til han var 80 år. Dette var noko som låg i slekta.
ANNONSØRINNHALD
Nattog forvinn i Ulrikstunnelen
ein gladkrim av Audun Stølås
No kr. 40
Nattog forsvinn i Ulrikstunnelen. Gladkrim av Audun Stølås | FINN torget
Sidan Ingmar var fødd etter 1. september skulle han ikkje begynne på skulen før året etter. Men skulestyreleiaren meinte det var for gale at han skulle gå og slenge eitt år, og han ordna det slik at Ingmar kunne begynne på Innstranda skule seks år gamal. Han gjekk eit år på framhaldskulen og etter det på Framnes folkehøgskule frå 1960 til 1961.
I smedlære
Så gjekk han i smedlære i Norheimsund i eit år. Men det var lite arbeid i bransjen grunna industrialiseringa. Det var en usikker framtid i bransjen. Han blei difor råda til å ta meir utdanning. Han tok då realskulen i Øystese og drog etter det til Bergen for å ta teknisk utdanning. Etter det arbeida han hos Mjølnar og tok der fagbrev som mekanikar/montør.
I 1972 blei han så tilsett på Fana yrkesskule for å drive sjåføropplæring på tyngre køyretøy. I 1976 blei han tilsett på Arna yrkesskule for å undervise i mekaniske fag og hjelpe elever med spesielle behov. Han blei seinare undervisningsinspektør på Arna yrkesskule.
Ljones tok eksamen i spesialpedagogikk, og han hadde mellom anna ansvaret for planlegging av undervisninga for flyktningar frå Vietnam.
- Arna yrkesskule hadde ansvaret for fengselsundervisninga på Ulvsnesøy. Dette var interessante og lærerike oppgåver. Vi skulle hjelpe ungdomar i siste del av soninga slik at de kunne møte samfunnet igjen på en god måte. Eg hadde gode samtaler med mange som på utsida framstod som tøffe menn, men som på innsida var sårbare guter. Dette har hatt veldig stor betydning for meg videre i livet. Det handler om omsorg og det å møte mennesker som har store utfordringer i livet på en god måte, seier Ingmar Ljones.
Seinare jobba han med undervisningsplaner på skulekontoret i fylket.
Frå bydelsutvalet til Stortinget
Ingmar Ljones var med i bydelsstyret i Arna for Kristeleg Folkeparti i åra 1974-1980. Frå 1980 var han med i bystyret. I 1991 vart han tilsett som rektor på Norheimsund yrkesskule, men på same tida vart han vald til varaordfører i Bergen, og frå då av var politikken ein fulltidsjobb for han. Han måtte difor sei opp rektorstillinga. I 1995 blei han ordfører. Ljones sat på Stortinget frå 2001 til 2005 og var deretter vararepresentant til Stortinget dei påfølgjande fire åra. Etter det arbeide han i fire år på kontoret til fylkesskulesjefen med lærlingopplegg før han blei pensjonist.
Ingmar Ljones blei valt inn i soknerådet i 1969. Frå 1973 til1977 var han leiar i soknerådet. Han var også leiar i Arna sokneråd frå 2006 til 2011. Ved soknerådsvalet hausten 2023 stod han langt ned på lista, men var den som fekk flest røyster. Ingmar Ljones var leiar for jubileumskomiteen då 150-årsjubileet for Arna kyrkje blei feira i 2015.
Ingmar har også vore leiar i Bergen kyrkjelege fellesråd. Han var med i Bjørgvin bispedømeråd og dermed også i Kyrkjemøtet.
- Ingmar Ljones var med i ei arbeidsgruppe som etter hans vurdering lagde ein god plan for ny kyrkjeordning, men då saka kom til handsaming i Kyrkjemøtet blei alt plukka i stykker, seier han.
Ingmar Ljones som vismann i julespelet til kyrkjelydane i Arna. Foto: Audun Stølås
Arbeidet med å få reist eit kyrkjelydshus i Arna starta i 1970-åra med at sokneprest Einar Tesdal skreiv eit brev til ordfører Arne Ekeland i Arna kommune og bad om tomt og pengar til å byggja eit slikt hus. Han fekk til svar at Arna kommune hadde verken tomt eller pengar, men at dette sikkert ville ordna seg når Arna gjekk inn i Bergen kommune i 1972. Det varte og rakk, men ingenting skjedde. Når det skulle vera større arrangement i kyrkjelyden, var det gymnastikksalen på Garnes ungdomsskule eller Indre Arna skule som blei tatt i bruk. Elles var det plass til 40 personar i Borgstova.
Mykje usemje om kyrkjelydshus
Det var mykje strid om planane for eit kyrkjelydshus. Det var sterk usemja om kor det skulle byggjast og kor stort det skulle vera. Det var einskilde som ikkje ville ha noko kyrkjelydshus i Indre Arna i det heile, men heller ha kyrkje på Lone. Nokre ville byggja om låven på prestegarden til kyrkjelydshus. Andre ville byggja bak Borgstova, og andre igjen der huset no står. Men nærleiken til kyrkja var eit problem. Etter møte med biskop Per Juvkam og bispedømesekretær Josef Nesse blei dette ordna ved at kyrkjelydshuset blei oppført som eit tilbygg til bårehuset.
Historisk kyrkjetur til Haus søndag 31. mai 2015 som del av 150-årsjubileet for Arna kyrkje. Til høgre dåverande leiar for Arna sokneråd, Johanne Drageide. Foto: Audun Stølås
Eit soknemøte satte som krav at det måtte skaffast pengar til å byggja tett hus før bygginga kunne starta. Det innebar at det måtte skaffast tre millionar og i tillegg utførast eit omfattande dugnadsarbeid. Det blei halde mange ulike innsamlingsaksjonar, mellom annaein stor basar i Bjørnarhallen. Sidan soknerådet ikkje kunne ta opp lån, måtte det skaffast kausjonistar for eit lån. Mange melde seg og ein person kausjonerte for 200.000 kroner. Til slutt mangla 10.000 kroner for å kunna kjøpa materialar til dugnadsarbeidet. Det blei etablert ein eiga bønegruppe og snart melde det seg ein person som ga dette beløpet.
Ingmar Ljones teikna av Audun Stølås
Imponerande dugnadsinnsats
Ingmar Ljones blei leiar av byggekomiteen og av dugnadsarbeidet. Han førte lister over alt dugnadsarbeid fram til hausten 1993. Øvst på lista står Trygve Romslo med 1.512,5 timer dugnad. På andreplass står Ingmar Ljones med 1.352,5 timer.
Det var svært mange i bygda som deltok. Arna yrkesskule var også aktive nokre veker i arbeidet med å gjera loftet ferdig. Toro køyrte gratis stein til parkeringsplassen. Leif Grøteide hadde jobben med å spørje folk om dei kunne vera med på dugnad. Bjørg Hellesøy gjorde også ein stor innsats på fleire område. Frå måndag til fredag var det dugnad frå klokka 17.30 til 2130 med kveldsmat kl. 19.30. Laurdag vart det servert risengrynsgraut til dugnadsgjengen kl 1230. Dette sveisa deltakarane godt saman. Nokre som ikkje tidlegare hadde vore med i kyrkjelydsarbeidet, kom no aktivt med.
- Det var ein fantastisk dugnadsinnsats som eg aldri har opplevd maken til, seier Ingmar Ljones.
Mykje av materialane fekk dei kjøpt rimeleg på heimegarden på Ljones. I alt blei det innkjøpt 27.7 kubikkmeter tømmer til ei samla pris på kroner 7.562. Desse materiala rakk til alt innvendig trearbeid med unntak av panelet.
Ein dugnadsgjeng frå Arna reiste til garden i Hardanger for å hogge trærne og sage trevirket til. Dei som var med på dette var Egil Tunes, Erik Fjørtoft, Svein Mjelde, Erling Osland, Erling Fjærestad, Jostein og Endre Ljones og den eldste broren til Ingmar, Birger Ljones. Magne Mjelde fekk ordna med ein kranbil slik at transporten til Arna var utan utgifter.
Ingmar Ljones blei i 1997 utnevnt til storridder av Den islandske falkeorden.
Ingmar Ljones er gift med Berit. Ho er fødd 30. august i Norheimsund. Den største utfordringa i liva deira kom sommaren 2014 då dei mista dei to døtrene sine, Åslaug Ljones Løklingholm og Astrid Ljones Fjærestad i ein trafikkulykke i Tysvær.
Dei fekk tid til å sørgja, men let seg etter kvart utfordre til å ta del i noko som dei hadde interesse av. Det var mange som tok kontakt og uttrykte medkjensle.
- Vi fekk hjelp av gode vener og det kristne fellesskapet til å kome vidare. Vi har eit godt samhald i storfamilien og det har betydd mykje. Men framleis er det slik at det skal lite til før sorga kjem attende. Einskilde ord i ei nyhendemelding i media kan framleis føre til det, seier Ingmar Ljones.
Legg igjen en kommentar