Asbjørn Solberg – aktiv i fleire lag i Arna og kommunestyrerepresentant i tre ulike kommunar

Bildetekst: Asbjørn Solberg og kona Brynhild Møllerup Solberg fotografert på juletrefest i Ljoshall 5. januar 2024. (Foto: Audun Stølås)

Asbjørn Solberg blei fødd i Indre Arna 4. september 1930. Han døydde 3. mars 2024, 93 år gamal. Foreldra var Magnus K. Solberg (1886-1965) og Anna Mjelde (1891-1975). Han hadde to eldre brør, Kåre Solberg (1916-1998) og Olav Solberg (1920-2002).

Asbjørns bestefar, Knut Solberg, flyttet frå Osterøy til Arna i 1896. Han starta ei smie, som Asbjørns far, Magnus, overtok. Kåre og Olav overtok denne verksemda i 1953 og kalla den «Brødrene K & O Solberg». Dei laga knivar fram til 1980.

Då Asbjørn var ferdig med realskulen, begynte han i NSB (som no heiter VY) og var der til han gjekk av med pensjon.

Asbjørn Solberg var politisk aktiv i Venstre og sat i tre ulike kommunestyre. Først var han vararepresentant i Haus kommunestyre. Så var han med i formannskapet og sosialstyret i dei åtte åra Arna kommunestyre eksisterte. Etter det var han med i Bergen bystyre. Han var aktiv i «Arna ut or Bergen» og i Samarbeidsutvalet for Indre Arna skule. Solberg gjorde også ein stor innsats i Bergen og Omland Friluftsråd gjennom 30 år.

Asbjørn Solberg fekk kulturprisen for Arna for året 2000 saman med Jørgen Eliassen.

  • Som visevert og konferansier er han (Asbjørn Solberg) eit unikum, skreiv Mål og Miljø i 2001.

 I 2020 blei Asbjørn Solberg utnevnt til æresmedlem i Arna Mållag for lang og trufast arbeid for laget og målsaka.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

2 kommentarer til “Asbjørn Solberg – aktiv i fleire lag i Arna og kommunestyrerepresentant i tre ulike kommunar”

  1. Randi Nærby avatar
    Randi Nærby

    Fantastiske folk og utrolig hyggelig å se dem igjen etter lang tid.
    Vi hilser masse til Asbjørn og Brynhild og takker for mange fine samvær på Rapham i NSB regi.
    Hilsen Randi og Erland Nærby

  2. Gunnvor Kvam avatar
    Gunnvor Kvam

    Asbjørn Solberg var aktiv i barnearbeidet i Fråhaldslaget i gamle Ljoshall på 1950-60 åra. Han var også visevert i bryllupet vårt i 1970.
    Ein flott kar!!!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *