Kjell Ytrearne – lærar, musikant og miljøryddar

Bildetekst: Kjell Ytrearne fekk i 2022 Mål og Miljø sin rose for sitt arbeid med å rydde bort søppel langs vegar og samlingsstader i Arna (Foto: Audun Stølås)

Kjell Ytrearne blei fødd 25. juli 1945 i Arna.

Han var elev på Fana gymnas og tok høgare utdanning på Universitetet i Bergen. Han begynte etter det som lærar på Nygård ungdomsskule i Bergen sentrum.

Etter om lag 14 år som lærar ville han prøve noko anna. Han tok då til med å selje leksikon, først Store norske konversasjonsleksikon og seinare Encyclopedia Britannica.

Men etter nokre år lengta han tilbake til læraryrket. Han begynte då som lærar på Ytrebygda og Rå ungdomsskuler i Fana bydel.

Kjell spelar trombone og har vore aktiv i styre og stell i fleire skulemusikkorps. Ei tid var han ein ivrig syklist. Både statsminister Erna Solberg og revyartist Marit Voldsæter har vore blant elevane hans.

Dei siste åra har han vore aktiv med å rydde bort søppel langs vegar og samlingsstader i Arna. I 2022 fekk han Mål og Miljø sin rose for dette arbeidet.

Fototekst: I kyrkja har eg møtt eit fantastisk fellesskap som eg ikkje finn andre stader, seier Kjell Ytrearne

Tilgjeving og takk

Kjell Ytrearne blei intervjua i påskenummeret til Kyrkjebladet for Arna og Ytre Arna. Vi gjengir intervjuet nedanfor:

  • Eg går i kyrkja fordi eg har behov for tilgjeving og behov for å takka Gud for alt eg har fått, fortel pensjonert lærar Kjell Ytrearne (79).

Tekst og foto: Audun Stølås

Han seier at han får mykje ut av å gå i kyrkja, men at tilgjeving og takk er det primære for han.
Kjell Ytrearne har vore fast kyrkjegjengar sidan 2012. Ein laurdag
ettermiddag det året fekk han ein telefon frå fastlegen sin. Han måtte
komme på legekontoret same dag. Den vikarierande legen var nølande og
Kjell Ytrearne måtte dra orda ut av han. Til slutt spurde han direkte: – Er det kreft? Ja, svara legen, det er kreft med spreiing.

  • Eg gjekk då heim full av angst og uro. Og bad til Gud og sa: Kjære Jesus. Du har gitt meg livet og du kan ta det tilbake når det er min tid. Dette ga meg ei fantastisk religiøs oppleving. Det var som uro og angst rente av meg. Det berre forsvant frå kroppen. Eg var forberedt til å døy. Men eg forstod at eg ikkje skulle døy då. I staden fekk eg Guds fred. Eg ba til Gud om å få vera ein reiskap for hans rike.
    -Etter den opplevinga har eg gått jamleg i kyrkja. Før det var eg berre innom kyrkja ved dåp, bryllaup og gravferder. I barneåra gjekk eg på søndagsskule av eige initiativ. Far min spurde kvifor eg gjekk der. Det er kjekt, svara eg då.

  • Ein månad etter at han hadde fått diagnosen av fastlegen, møtte Ytrearne opp på onkologisk avdeling på Haukeland sjukehus. Der fortalte dei at han ville få fire gode år igjen å leva. Eg kunne vera fysisk aktiv og var med i Arna sykleklubb.
  • No er det gått åtte år sidan dei fire åra du fekk i 2012 er omme. Korleis ser du på det?
  • For det første ser eg det som ei gåve frå Jesus. Og for det andre ser er
    det slik at jobben min ikkje er ferdig. Eg ber Gud om å få oppgåver. Eg kan vera til hjelp for menneske som har det vanskeleg. Det kan vera å gå på besøk til personar som er i livets sluttfase. Eg ser det ikkje slik at eg skal omvende nokon, men hjelpe. Folk takkar for den hjelpen eg har gjeve dei.
  • Ein av dei faste oppgåvene han har er å laga middag til ein av sønene og hans familie ein dag i veka. Eg er blitt ganske god til å lage mat. Barnebarna spør meg gjerne då: Korleis er det å vera kristen, bestefar? Eg er glad og lukkeleg og eg syng lovsongar i bilen når eg køyrer heim etter ein slik dag med matlaging i familien, seier Kjell.
  • Kjell Ytrearne har to søner og seks barnebarn i alderen 16-23 år. Kona hans, Sølvi, døyde 2. juledag i 1977. Det skjedde etter 1 ½ års kamp mot kreften. Dei to sønene deira var då 3 og 5 år gamle. Det var vanskeleg å fortelja dei at mora skulle døy. Vi hadde flytta inn i nytt hus i Teigane i 1974. Den dagen ho døyde sat eg og heldt henne å handa og ba til Gud om at han måtte ta vel imot Sølvi. Så gret vi saman i ein time. Vi var då 32 år gamle begge to.

  • Kjell Ytrearne er alltid i godt humor, sjølv om han sine helsemessige
    utfordringar. Mellom dei er ein øydelagt rygg som han no får behandling for. Ledda i ryggsøylen er ikkje runde , men ovale.
  • Eg er blitt glad i kyrkja. Der har eg møtt eit fantastisk fellesskap som eg ikkje finn andre stader. Når kyrkjeklokkene ringer takkar eg Gud for alt eg har fått og ber om tilgjeving. Eg liker å synge og i kyrkje er det iblant song av barnekor og av eit fantastisk kyrkjekor for Arna og Ytre Arna. Eg gler meg over dei herlege lappane til Margit Hollekve når ho er med på kyrkjekaffien. Eg gler meg over livet og kyrkjelyden er blitt som ein familie for meg, sier Kjell Ytrearne..


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Ett kommentar til “Kjell Ytrearne – lærar, musikant og miljøryddar”

  1. ingunn irene Fosse avatar

    .. en fin artikkel .. som en klok mann engang sa : livet vårt handler om to ting : ATTITUDE og GRATITUDE .. les : holdning, og takknemlighet ..

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *