Jan Flatabø  – humørfylt skoselger på Espeland

Jan Flatabø blei fødd på Risnes 2. juni 1918. Han blei gift med Ragnhild Tunes, som blei fødd 24. april 1920 på Tunes-garden. Hennar foreldre var Malena og Ole Tunes.

Jan arbeide ei tid for Magne Kippersund, som starta og dreiv skofabrikk, først på Espeland og seinare på Steinsvollen i Langedalen. Jan starta skoutsal på Espeland i 1973. Han var kjend som ein pratsom skoselger som ofte laga show i butikken Difor var det mykje folk til stades i butikken hans.

Han lot kundane ta fleire skopar med seg heim for å prøve dei skikkeleg.

Sonen Reidar Flatabø fortel at dette var ein god strategi som faren tente godt på.

Reidar fortel at han og Rolf Kippersund, sonen til Magne Kippersund, i ungdomen køyrte bil til Voss for å selje sko der.

  • Det blei ikkje så mykje sal, men vi likte å køyra bil og hadde mykje moro på turen, fortel han.

Slapp unna tysk fangenskap grunna namneforveksling

Saman med svograne sine, Lars og Nils Tunes, dreiv Jan Flatabø med illegal radiolytting under krigen. Lars og Nils blei arresterte av tyskarane. Etter opphald på Espeland fangeleir og på Grini, blei dei send til fangenskap i Bardufoss. Jan Flatabø slapp unna fordi tyskarane hadde forveksla etternamnet hans.

Jan Flatabø fortalde om dette til Arvid Midttun i Mål og Miljø for 1995.

Radioen blei oppbevart blant melkekyrne i floren på Tunes-garden. Ein dag om hausten 1943, då kong Haakon talte på radioen frå London, var sju-åtte mann samla i floren. Lars Tunes åtvara dei andre mot å skrive ned noko frå radiosendinga. Om dei likevel gjorde det, måtte dei gøyme det godt slik at det ikkje kom fram om dei blei kontrollerte, sa han.

Ein av dei som hadde vore med på radiolyttinga på Tunes denne kvelden gjekk frå Tunes. I Seimsmark haika han med ein bil. I bilen var det to tyskarar og to norske nazistar. Tyskarane gjekk ut av bilen og bad om å få sjå passet til haikaren. Då mannen tok passet ut av brystlomma, fall også notatar han hadde tatt frå radiolyttinga ut av lomma. Tyskarane oppdagar dette og tek mannen med seg til Bergen. Der blir han banka opp av tyske gestapister og han tilstår radiolyttinga. Då blir ha køyrt til Tunes for å visa kor radien var gøymt.

Lars Tunes blei arrestert med det same. Seinare blei broren Nils Tunes også pågripen. Den tredje mannen tyskarane ville ta var Jan Flatabø. Han skulle då vera i arbeid hos Kaspar Kippersund, som då var skomakar i Norheimsund. Tyskarane trudde at etternamnet til Jan Flatabø var Kippersund. I Norheimsund blei Kaspar Kippersund oppsøkt av tyskarane, men han hadde alibiet i orden.

Eige museum på Espeland

Bildetekst: Reidar Flatabø i sitt museum på Espeland (Foto: Audun Stølås)

Jan Flatabø slutta som skoselgar då butikken flytta til Øyrane Torg og Reidar overtok drifta. No er det Ingrid Velle Flatabø, dotter til Reidar, som driv Flatabø Sko.

Reidar Flatabø har omgjort den tidlegare skobutikken på Espeland til sitt private museum. På veggene heng innramma utklipp av lokale avisartiklar frå Espeland.

Reidar har  i mange år måla bilder. Fleire av dei er utstilt i museet.

Fototekst: Reidar Flatabø med nokre av sine måleri. Det kvite huset er frå Tunes (Foto: Audun Stølås)

Reidar gjekk i to år på målarlina på Statens Husindustriskule på Festtangen. Men måler blei han aldri. I staden arbeide han i butikk. Han begynte som læregutt hos Wallendahl. Seinare var han i Bergens Samvirkelag, der han blei sjef.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

4 kommentarer til “Jan Flatabø  – humørfylt skoselger på Espeland”

  1. Marit Synnøve Gilje avatar
    Marit Synnøve Gilje

    Interessant å lese. Takk

  2. Gerd Johanne Nyheim avatar
    Gerd Johanne Nyheim

    Så god og fin artikkel.
    Eg var nok god kunde hos Jan. Gode minner fra Espeland og seinere med Reidar.

  3. Einar Tvedt avatar
    Einar Tvedt

    På folkemunne: Om du hadde en dårlig dag skulle du bare legge turen innom «Flatabøen» på Espeland. Gjorde du det ville verden straks se lysere ut. «Reidaren» har arvet mye av dette fra sin far med sitt alltid gode humør og vennlige vesen.

  4. Inger Johanne Kippersund avatar
    Inger Johanne Kippersund

    Takk for koselig og interessant lesing. Husker mamma tok meg med Tiril Flatabøen for å kjøpe sko. Uforglemmelig fyr , grundig , man skulle gjøre en god handel merka eg. Han snakka om at «solen»( sålen) måtte være god- mens eg som lita jente syntes at han hadde så fascinerende øyenbryn🥸En varm og hyggelig handelsmann som satte sitt preg på lokalmiljøet sammen med «Randolfen» (sykkelbutikken og alt mulig NM-et) og Gerd Borge (dameklær pluss mye annet). Sammen med Samvirkelaget og blomsterbutikk og frisør hadde vi det meste på Espeland.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *