Elizabeth var eldste dottar av fabrikkeigar Anton Stephan Stephansen og kona hans Gerche Reimers Jahn. Ho var oppkalla etter sin mormor og hennar fulle namn var Mary Ann Elizabeth (Betzy) Stephansen. Ho blei fødd 10. mars 1872 i Bergen, død 23. februar 1961 på Espeland. Ho blei den første norske kvinne som tok doktorgrad. Ho studerte matematikk i Zurich i Sveits og avla doktorgraden i matematikk i 1902 ved Universitetet i Zurich. Dette skjedde eit år før noko universitet i Noreg ga doktorgrad til ei kvinne. Det skulle gå 49 år før den neste norske kvinne fekk doktorgrad i matematikk.
I 1921 blei Elizabeth assistent og seinare dosent i matematikk og fysikk ved Noregs Landbrukshøgskule på Ås. Ho held fram i denne stillinga til ho i 1937 gjekk av med pensjon og flyttet til Espeland, der hennar yngste søster Gerda budde.
Under andre verdskrigen gjorde hun, med sin flytande tysk, mykje for dei norske fangane på Espeland. For sin innsats blei ho etter krigen tildelt Kongens fortenstemedalje.
Ho blei aldri gift, men ifølge ei niese var ho forlova tre gonger.
Legg igjen en kommentar