Martha Ostenso blei fødd på Tungland 17. september 1900 og døydde 24. november 1963 i Seattle, Washington. USA.
Mora heite Oline Olsdatter Tungeland og faren var Sjur Brigtson Østensø opprinneleg frå Øystese i Hardanger.
Familien dreiv eit av dei to meieria i Arna på den tida. Meieria, på Haukeland og i Indre Arna, blei opna etter at Vossebana kom i drift i 1883.
Faren Sjur drog til USA i 1900. Mora tok Martha med seg og reise 29. august 1902 til Canada, der dei blei gjenforente med Sjur. Familien budde ulike stader i Canada, Minnesota og Sør-Dakota. Faren har vore ein rastlaus sjel. I løpet av 11 år budde familien sju ulike stader. Sjur blei i 1932 overkøyrt av ein bil og døydde.
I USA arbeide Martha som lærar, sosialarbeidar og journalist. I løpet av 20 år skreiv ho 15 romanar.
Martha vann i 1925 ein stor konkurranse i USA om beste roman og filmmanuskript. Vinnerboka «Wild Geese» (på norsk «Graagaas») utkom same året i USA og Noreg og blei bestseljar i begge land. Boka blei omsett til fleire andre språk. Premien var på 13.500 dollar. Boka blei filma to gonger og kom også ut som radiohøyrespel.
Martha er kjend som grunnleggjaren av «prærierealismen» innan litteraturen. I denne sjangaren blir livet skrevet om på ein realistisk måte utan overdreven romantikk og sentimentalitet.
Martha hadde to yngre brør, Bjarne og Oivind. Ei tid drei dei tre søskena ein kalkunfarm saman.
Ho gifta seg i 1944 med universitetslæraren Douglas Durkin (1884-1967), som var 16 år eldre enn henne. Dei hadde ingen barn saman.
Faren til Oline var bonde Ole Larsen Tungland og moren var Anna Johannesdotter Borge. Oline var fødd i 1873. Faren til Martha, Sjur blei fødd i 1874 i Øystese. Eldste broren til Oline overtok garden på Tungland.
Martha skreiv ein lang rekke noveller som ho fekk godt betalt for. Men ho levde eit dekadent liv og pengane gjekk ut like fort som dei kom inn. Ho hadde fleire luksusbiler, båter og hus. Ho hadde bustad i Hollywood og var aktiv i selskapslivet med stjernene i filmindustrien.
I 1963 skulle ho og Durkin flytta til Seattle, der to søner av Durkin budde. På toget på veg dit kollapsa Martha. Ho døydde ti dagar seinare på sjukehus av skrumplever.
Martha har slektningar i Arna og på Osterøy i dag. Tone Hetlevik i Haus er ein av dei. Ho fortel:
- Martha var søskenbarnet til min morfar Sverre Tungeland. Min oldefar, Sjur Tungeland, og mor til Martha, Oline, var søsken.
Legg igjen en kommentar