Magne Kippersund starta skofabrikk, hønseri, vaskeri, fiskedammer og kaninfarm. (Foto: Privat)
Magne Kippersund blei fødd i Bud i Romsdal 7. mai 1911. Han var ein entreprenør som starta skofabrikk på Steinsvollen med 40 tilsette på det meste, hønseri med 2.000 høner, vaskeri, fiskedammer og kaninfarm
Faren hans, Bastian, var også skomakar.
15 år gamal begynte Magne på Rauma ungdomskule. Han fekk då gratis skuleplass mot at han underviste i skomakarfaget. I 1930 kom han til Garnes guttehjem som skomakar. Han hadde stor interesse for musikk og kom med i song- og musikklag. Han bygde si eiga fele. Han traff Berta, søster til Johannes Hope på Espeland. Dei gifta seg og flytta til Rubbestadneset på Bømlo i 1936. Der bygde han hus med eige skomakarverkstad. I 1938 flytta dei tilbake til Espeland og Magne bygde skofabrikk der Flatabøs skobutikk heldt til. I 1947 bygde han hus på Treshaugen i Langdalen. Året etter kjøpte han Steinsvollen lenger sør i Langedalen og bygde skofabrikk der. Seinare flytta familien inn i ny bustad på Steinsvollen.
Rolf Kippersund med utvalet av sko som var utvikla på skofabrikken til faren Magne Kippersund. Ikkje alle blei satt i produksjon. (Foto: Audun Stølås)
Salet av sko skjedde gjennom grossist i Oslo. Etter ei tid la han om både produksjonen og salet. Nye maskiner frå Tyskland kom inn i fabrikken på Steinsvollen. Og salet skjedde no direkte til forbrukarane. Han tilsette om lag 20 seljarar og utstyrte dei med skomodellar i koffert og bil. Så køyrte dei rundt frå hus til hus, frå gard til gard over heile landet.
- Det blei ein gigantisk suksess. Han selde sko som hakka møkk frå sør til nord, fortel sonen Rolf Kippersund.
Den danske dikter Olaf Gynt kjøpte seg sko frå skofabrikken til Magne Kippersund under ei reise i Noreg. Han blei veldig begeista og skreiv eit hyllingsdikt.
1960 var året det var på topp. Dei 20 som var tilsette i produksjonen laga om lag 34.000 skopar i året.
Magne Kippersund var ein allsidig mann Han bygget hønsehus for 2.000 høner og utvikla sjølv ein fôringsautomat, som også andre hønseri i nærleiken tok i bruk.
Han lagde nokre fiskedammar på eigedomen og reiste til Hålandsdalen for å henta smolt. I kjellaren bygget han eit basseng der han hadde ål som han hadde fisket i Haukelandsvatnet. Men ein dag var alle ålane borte. Dei hadde kome seg ut av bassenget og ned i sluket.
Rolf Kippersund med bilde av ei sko utvikla på fabrikken i Steinsvollen. (Foto: Audun Stølås)
I kjelleren starta han vaskeri – Lone vaskeri. Ein av dei tilsette i skofabrikken, Otto Hammersland, overtok vaskeriet og dreiv det vidare.
Magne Kippersund hadde åtte søsken. Seks av dei flytta til Espeland.
Etter kvart var det andre land som kunne produsera billigare sko. Særleg var det Portugal. Norsk skoproduksjon gjekk gradvis nedover. Slik var det også med skofabrikken til Magne Kippersund.
I 1973 overtok sonen Rolf mykje av verksemda. Men han satsa berre på eit skomerka, som likna Aurland-skoen. Rolf vaks opp på skofabrikken. Då han gjekk i fjerde klasse i barneskulen laga han sko som han selde til skulekameratane.
- Skofabrikken var jo min barnehage, seier han
I 1993 ga Rolf Kippersund seg med skoproduksjonen. Det hadde vore mye arbeid og lite pengar av det. Men samtidig hadde det vore eit eventyr, seier han.
Magne Kippersund var oppteken av at skoa skulle vere ortopediske. Dei skulle lagast etter foten, ikkje etter moten, var eit slagord han hadde.
Magne Kippersund dreiv med kunstmaling. Dette bilde har motiv frå ei hending under krigen. (Foto: Audun Stølås)
Han låg ei tid på sjukehus og la merke til dei dårlege skoa som sjukepleiarane gjekk rundt med. Han synes ikkje det var noko rart at dei støtt hadde vondt i føtene. Han gjekk då straks i gang med å utvikle ein søstersko som skulle ha nærmast helbredande verknad på vonde sjukesøsterføter. Men desse skoa kom aldri i produksjon.
Magne Kippersund døydde i juli 1980, 69 år gamal.
- Han hadde stor respekt og var høvdingen i familien, seier Rolf Kippersund. Far var utrolig oppfinnsom og veldig engasjert når han fekk ein ide om noko nytt han kunne ta til med.
Legg igjen en kommentar