Ivar Aasgaard var kjøpmann, leiar for husflid og sjølvhjelp og yrkesopplæring for ungdom.
Han var fødd i Kinn i Sunnfjord i 1873. Faren Gudmund var frå Aasgard i Lindås og mora Ingeborg født Ytre Eide var frå Ostereidet. Foreldre dreiv ei tid handel i Rognaldsvåg i Kinn, og kom i 1875 til Ytre Arna, der det store handelshuset G. Aasgaard blei bygd opp. Handelshuset hadde også eigen flatbrødfabrikk med stor eksport til USA.
Ivar fekk ei grundig handelsutdanning i Bergen og arbeide ei tid i handelshuset til Sundt. I 1902 overtok han eineansvaret for varehuset i Ytre Arna etter å ha arbeid i forretninga sidan 1893.
Ivar gifta seg med Gudrun født i 1876
På denne tida gav husindustrien småbøndene attåtinntekter, slik at dei slapp å dra ut for inntekta. Haus Selvhjelpskontor var ein omsetningssentral for husflidsvarer. Husflid var livberging for ungdom i ei vanskeleg tid.
ANNONSØRINNHALD
Ebok Kr. 48
På det fredelige industristedet Ytre Arna begynner det å skje ting som bærer signaturen til terroristorganisasjonen IS.
Gjennom praktiske kurs kunne ungdommar utan arbeid læra seg eit yrke.
Staten hadde planer om å starte ein Statens Husindustriskule. På Festtangen var det ei ledig tomt og fleire eigna bygningar etter at firmaet som bygde båter av betong hadde lagt ned verksemda. På eige initiativ og eigen risiko baud Aasgaard 100.000 kroner for eigedomen på Festtangen. Etter det var det å overtyde regjeringa om at dette var rette staden. Landbruksdirektøren ville leggje skulen til Blaker, der det var ein husflidskule frå før. Men Ivar fekk overtydd regjeringa om at Festtangen var det rette valet for ei slik skule,
I dei ti siste åra hadde han minst tredobbel arbeidsbør: Han var disponent for det store handelshuset G. Aasgaard, han var skulestyrar for Statens Husindustriskule i Haus og han var disponent for Haus Selvhjelpskontor.
Ivar Aasgaard gjekk bort 20. april 1933, 59 år gamal.
Legg igjen en kommentar