Foto: Randolf Johan Straume fotografert i Moldalia (Foto: Privat)
Randolf Johan Strømme blei fødd 7. mai 1923 på Espeland. Dei første åra budde han i Stephansensveg. Då han var 11 år flytta familien inn i nytt hus i Moldalia. Han arbeide på Janus-fabrikken, med anleggsarbeid, hos Mestad på Espeland med trearbeid, hos Bahus på Nesttun og hos Erikson på Arnatveit.
Randolf hadde alltid hatt interesse for teikning, fortel barnebarnet Mathilde Sørås i ein artikkel i Mål og Miljø 2000 som ho skreiv då ho var 14 år gamal.
Han blei student på Kunsthandverksskulen i Bergen og kalla seg etter det treskjerar. Han hadde også stor interesse for akvarellmaling. Men teikning, treskjering og akvarellmåling er ikkje alltid like lett å laga seg eit levebrød av.
Foto: Randolf Johan Straume i yngre år. (Foto: Privat)
Med 700 kroner som eigenkapial starta Randolf Espeland Sport AS. Han kjøpte tomt og grov ho ut sjølv . Gullsmed Haukaas-Eide leide lokale av han i bygget. Espeland Sport blei starta i 1957 og Randolf’en dreiv butikken saman med kona Nancy.
ANNONSØRINNHALD
Ebok Kr. 48
Et megautbrudd fra supervulkanen i Yellowstone nasjonalpark i USA kan true menneskenes liv på Jordan. Denne spenningsromanen starter med at det en dag kommer en nyhetsmelding om et snarlig utbrudd fra vulkanen.
https://ebok.no/eboker/krim/vulkanen-audun-stolas-9788293138068/
Som handelsmann fekk han god kontakt med kundane og for nokre blei han både sosialkurator og sjelesørgjar.
Espeland Sport AS blei lagt ned då Randolf var 64 år gamal. Han held ofte kurs i treskjering i regi av Vestlandske Folkekunstlag. Randolf var ein aktiv friluftsmann.
Randolf Johan Strømem døydde i september 1996, 73 år gamal.
Legg igjen en kommentar