Foto: Johannes Mjeldheim var aktiv i motstandsrørsla under krigen (Foto: Privat)
Johannes Mjeldheim blei født 7. februar 1926 på slektsgarden på Mjeldheim. Som odelsgut skulle han overta slektsgarden. Men då han såg kor mykje utbygginga av den nye togstasjonen tok av garden, måtte han finna på andre ting å gjera. Han begynte først å jobbe i vegvesenet.
Johannes var aktiv i motstandsrørsla under krigen. Han var også med i den første norske tysklandsbrigaden.
I 1957 blei han student på Bergen kunsthandverkskule og i 1959 på Statens håndverks- og industriskole i Oslo. Der hadde han lærarar som Finn Fåborg og Chrix Dahl.
I 29 år arbeide han i firmaet F. Beyer som formgjevar og illustratør. Han var i mange år leiar for teiknekontoret.
Johannes gifta seg med Brita, fødd Bleie, i Arna kyrkje i 1962. Dei fekk døtrene Marta og Helga. Johannes var bror til Leiv og Aasmund.
Han laga framsida på Mål og Miljø i 20 år. Plantestell var ein stor hobby. Det er sagt at han hadde 53 ulike sorter rhododendron.
Ei av dei største kunstneriske opplevingane hadde Johannes då han blei invitert med på utforminga av minnesmerket over innføringa av kristenretten i Noreg, fortel han til Hege Hammersland i Mål og Miljø 2000. Han laga bronseplatene til dei tre steinstøttene til Olav Trygvason, Olav den heilage og biskop Grimkjell. Minnesmerket blei reist på Moster i 1979 til 900-årsjubileet. Kong Olav avduka minnesmerket.
Det var for øvrig Harald Hope, som hadde vore prest i Arna i 20 år, som tok initiativ til minnesmerket. Han var då sokneprest i Finnås på Bømlo. Det var også han som fekk kong Olav til å koma og avduka minnesmerket.
Johannes Mjeldheim døydde 18. mai 2018.
Legg igjen en kommentar