Marta Skeie – jordmora som dreiv eiga fødestove i Arna i 20 år

Marta Skeie ble fødd 28. desember 1907 på garden Skeie i Steinsdalen i Norheimsund. Ho var ferdig utdanna jordmor på Kvinneklinikken i Bergen i 1937. I om lag seks år var ho distriktsjordmor i Tjongsfjord i Nordland.

Marta kom til Arna som distriktsjordmor i 1944. Ho leigde husvære privat til ho bygde eige hus i Rognebakken. Den første tida reiste ho rundt til dei fødande og foretok heimefødslar.

Men så hende det fleire gonger at kvinner frå Samnanger og andre stader som var på veg til Kvinneklinikken, måtte stoppa hos Marta for å unngå at fødselen skjedde i bilen. Etter kvart kom det fleire og spurde om dei kunne få liggja hos Marta. På Kvinneklinikken var det slik at dei fekk ikkje komma til før riene var godt i gang, og dei var redde for ikkje å komme fram tidsnok.

Då begynte Marta å tenke på ei fødestove i Arna. Utan hjelp frå kommunen eller staten gjekk ho i gang med å bygge huset. Det stod ferdig i 1953. Dei som skulle føda der måtte ha normale svangerskap. Marta var snar med å sende dei til Kvinneklinikken om det var teikn til avvik. I arbeidet sitt hadde godt samarbeid med legene dr. Johnsen, dr. Reigstad og dr. Loven, og med Alfred Haga, som hadde sjukebil, og Harald Rogne, som køyrte drosje.

ANNONSØRINNHALD

Ebok

Innbydelse til bryllup

kr. 76

Aksel Flåm er en av verdens beste hackere. Når han prøver å få kontroll over lotto-kulene blir russiske etterretning oppmerksom på ham og ønsker å dra nytte av hans ferdigheter.

https://www.norli.no/boker/skjonnlitteratur/romaner/innbydelse-til-bryllup

Marta hadde om lag 100 fødsler i året i si fødestove. På det meste hadde ho sju mødre og sju nyfødde å stelle på same tid. Om nettene hadde ho dei nyfødde rundt senga der ho låg. Dei som hadde fødd låg fem-seks dager på fødestova.

Marta slutta som jordmor i 1974. På dei 30 åra ho hadde vore jordmor hadde ho tatt imot om lag 3.000 barn

Marta var ugift og hadde ikkje barn sjølv. Men ho var svært glad i barn.

  • Marta hadde eit stort og varmt hjarte. Alltid var ho klar til å hjelpa, og særleg dei som hadde problem tok ho hand om med varme og omsorg, skreiv Karin Natås og Randi Skeie i Mål og Miljø i 2011.

Ho budde i huset sitt i Rognebakken etter at ho blei pensjonist. Det siste halve året låg ho på Haraldsplass sjukehus, der ho døydde 28. januar 1993.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

5 kommentarer til “Marta Skeie – jordmora som dreiv eiga fødestove i Arna i 20 år”

  1. Alf Askeland avatar
    Alf Askeland

    Ho tok imot meg på Garnes i 1946.

  2. Gerd Johanne Nyheim avatar
    Gerd Johanne Nyheim

    Ja, koselig, snild og flink. Rekna med å föde der, men det blei K.K. Legen anbefalte.
    Etterpå sa Martha at ho hadde tatt imot fleir.sendte dei til byen om det var behov.
    Var og god klubi venninne til min mor.

  3. Hildegunn Furnes8 avatar
    Hildegunn Furnes8

    Ho tok i mot meg og tvilbror mini 1952 og min datter i 1970

  4. Gunnar Haukeland avatar
    Gunnar Haukeland

    Ho tok mot tre av våre barn i heimen sin i Arna, 1964, 1967, og 1970. Ei fantastisk dama. Stor takk frå Liv og Gunnar Haukeland.

  5. Kari Kråkenes avatar
    Kari Kråkenes

    Hei 😃 nokon som veit om arkivet er tatt vare på? Ho tok imot meg i 1966, og det hadde vore kjekt å fått visst kva klokkeslettet eg blei fødd på.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *