Albert Larsen var ein kjent person i Arna i si tid. (Foto: Sture Nepstad)
Med sitt lange, kvite skjegg, sin svarte hatt og svarte dress blei Albert Larsen rekna for ein bygdeoriginal i Arna. Fredag 20. september 1996 hadde Bygdanytt eit portrett av han laga av journalist Ørjan Brattetveit.
Albert blei fødd 6. august 1903 i Iowa, USA. Då han var seks år gamal flytta familien til Arna og kjøpte gard på Seim. Albert ville klara seg sjølv og jobba som løpergut, bakarlærling, seljar, sjømann og målar. Han fekk skadd ein arm og blei arbeidsufør.
Dette bildet er eigd av Bjørn Ove Eliassen. Fotograf er Olav A. Bolstad. Bjørn Ove fortel at Albert Larsen var fetter til hans farfar og feira jul med dei nede på garden. Han hadde stor respekt for farmor.
Han budde på hybel like ved Arna kyrkje. Seinare budde han i kjellaren i det same huset i kummerlege kår.
Albert Larsen var ein snill mann. Men ikkje alle var snille mot han. Det var mange som mobba han. Albert var mørkredd og det var det nokre som nytta til å skremme han. Nokre gongar blei han kasta i Storelva.
ANNONSØRINNHALD
Ebok
Innbydelse til bryllup
kr. 87
Aksel Flåm er en av verdens beste hackere. Når han prøver å få kontroll over lotto-kulene blir russisk etterretning oppmerksom på ham og ønsker å dra nytte av hans ferdigheter.
https://www.norli.no/boker/skjonnlitteratur/romaner/innbydelse-til-bryllup
Albert likte å steppe. Han opptrådte gjerne med stepping og ville lære andre opp i steppedans.
Han fekk plass på Arna Helseheim, men likte seg ikkje der. Det blir fortalt at han rømte ut av vinduet i 1. etasje.
Albert Larsen døydde 23. oktober 1989 på Bergen Røde Kars sjukeheim, der han hadde budd nokre år. Han blei 86 år gamal.
Legg igjen en kommentar