Eit historisk bilde frå 1972: Olai Unneland (i midten) sluttar som medhjelpar. Harald Hope (til høgre) reiser frå Arna til Finnås på Bømlo litt seinare på året og Einar Tesdal (til venstre) sluttar som sokneprest i Arna året etter. (Foto: Jon Tesdal)
Harald Hope blei fødd i Lindås 30. juni 1913 som bondeson under fattige kår. Faren døydde då Harald var tre år gamal.
Harald Hope hadde kall til å reise som misjonær til Kina. Han tok eksamen på Misjonsskulen i Stavanger i 1940 og teologisk embetseksamen med Menighetsfakultetet i Oslo i 1949 og praktikum i 1950. På Misjonsskulen traff han Hanna, som blei kona hans. Også ho kjende på kall til å bli misjonær i Kina. I fleire år studerte dei kinesisk språk.
Men planane blei stoppa av Mao då han etter revolusjonen i 1949 stengde landet for kristen misjon. Harald blei hjelpeprest i Haus med bustad i Arna. Seinare blei han kapellan i Arna. Han gjorde presteteneste i Arna i 20 år.
Harald Hope blei ein stor ven av Island. Han kom til Island første gong i 1952 og då galdt det skogplanting. Seinare engasjerte han seg for bygging av ny domkyrkje i det gamle bispesetet på Skálholt. Etter at kyrkja blei innvia i 1963 engasjerte Hope seg for bygging av ein kristen folkehøgskule same stad. Seinare bidrog han til bygging av Hallgrimskyrkja i Reykjavik. Hope omsette Hallgrim Peturson sine pasjonssalmar til norsk. Han blei utnemnt til storriddar av den islandske Falkeorden.
ANNONSØRINNHALD
Ebok Kr. 68
En fantasifortelling om de store spørsmålene som rettferdighet, frihet, tro og tvil. Fortellingen starter med at jordkloden og menneskene på den er borte. Da innbyr Vårherre alle som har levd på klodene til en høring.
https://ebok.no/eboker/romaner-3/varherres-horing-etter-verdens-ende-audun-stolas-9788293138051/
I 1972 blei Harald Hope utnevnt til sokneprest i Finnås i Bømlo. Her starta han tre songkor og tok initiativ til eit relieff av Olav Trygvason, Olav den heilage og biskop Grimkjell. Kong Olav kom og avduka relieffet. Han slutta prestetenesta der i1981 grunna sjukdom. Han døydde i 1982 og blei gravlagd ved Moster gamle kyrkje.
Legg igjen en kommentar