Bastian Haugland blei fødd på Haugland 27. april 1876. Han døydde 21. november 1965, 89 år gamal. Bastian Haugland var den første fagforeiningsleiaren då Arne Arbeidarforeining slutta seg til Arbeidsmandsforbundet i februar 1908. Foreininga sette straks fram krav om 8-timarsdag for skiftarbeid og andre tariffkrav.
Arna Tekstilarbeidarforeining skriv i jubileumsskrivet sitt frå 1939: Men etter eit halvt år vart leiaren, Bastian Haugland, oppsagt, og det var ikkje tvil om at det var trakassering og meint som eit slag mot organisasjonen som skulle døyvast før han fekk for stor makt. Haugland hadde ikkje vore kveppen av seg , men bore fram arbeidarane sine ynskjemål og krav både munnleg og skriftleg ved fleire høve for fabrikken i det halve året foreininga hadde vore i verksemd.
Fagforeininga vedtok så med 88 mot 3 stemmer å vende seg til den sentrale leiinga i Arbeidsmandsforbundet for å få støtte til å gå til streik for å få Bastian Haugland tatt inn igjen i fabrikken. Forbundet våga ikkje å bruka makt, og Bastian Haugland vart for alltid stengd ute frå arbeid i Arne Fabrikker.
Kjelde: Arna Tekstilarbeidarforeining 1919-1939.
ANNONSØRINNHALD
Ebok
Leketøyfabrikken
kr. 48
På det fredelige industristedet Ytre Arna begynner det å skje ting som bærer signaturen til terroristorganisasjonen IS.
https://www.norli.no/boker/skjonnlitteratur/krimboker/leketoyfabrikken
Thor Kalland er son til Malmfrid Kalland, som igjen er barnebarn til Bastian Haugland. Han laga eit intervju med Sverre Haugland, i 1996. Sverre Haugland er bror til Malmfrid Kalland. Her er del av intervjuet:
Dette med fagforeininga var noko han helst ikkje snakka så mykje om. Det var ei vond tid, og det sette sine spor. Far hadde arbeidd i 8 år ved fabrikken, og foreldra mine budde nygifte på Gården. Der var alle som ein familie. Der treivs dei godt, og dei hadde aldri hatt det så fint. Så kom fagforeininga, og han var viss mykje frampå der, og så fekk han sparken som det heiter. Dei forfølgde han så godt dei kunne etterpå.
Han fekk snart jobb på ein shoddyfabrikk på Nesttun, og der blei han snart vel betrudd. Sjefen hadde aldri hatt ferie og reiste ein tur til Oslo og overlet alt til han far for nokre dagar. Men etter ein månad kom det beskjed frå Arne Fabrikker om at den mannen måtte seiast opp. Og då mista han den jobben.
Så fekk han jobb på Nesttun som forsikringsagent i eit forsikringsfirma, Fram. Han skulle gå rundt og krevja inn pengar, men det var mange som ikkje sat så godt i det og klarte ikkje å betala den krona for veka, og så la far ut for dei. Då det var gått eit år, hadde han så mykje uteståande at han måtte slutta.
Så arbeidde han hos forskjellige slaktarar i Bergen, og han hadde ein hest han kjørte rundt i byen med. Han reiste og heilt opp til Møre og kjøpte opp kjøt til slaktarane. Så starta han sin eigen slaktarforretning her i Arna i 1910 samtidig som han og hadde butikk i Kjøttbasaren i Bergen.
Greiene med fagforeininga tærde på. Men han hadde gode venner som heile tida støtta han. Det var folk som gjekk bak ryggen på han og smiska med leiinga, men han nemnde aldri noko namn her.
Bastian blei gift med Anna Sofia Johannesdatter Lien.
19. oktober 2002 blei det avduka eit minnesmerke av Bastian Haugland i Ytre Arna, i nærleiken av der statuen av tekstilarbeidarkvinna står ved bakken opp til Sætrefjellet. Kunstnaren Angelina Engelsen utførte relieffet.
Legg igjen en kommentar