Bertha Garnæs: Starta eigen skule for jenter

Bertha Garnæs blei fødd 25. januar 1862 på ein av dei fem gardane på Garnes. Ho døydde 8. juli 1938, 76 år gamal.

Bertha starta i 1888 Bertha Garnæs Haandgjerningsskole i lokaler leigd av kjøpmann Aasgaard i Ytre Arna. Ho var då 26 år gamal. I september 1900 flytta skulen til Garnes. Her reiste ho nytt skulebygg i 1905. Her var det og internat for elevane.

Saum og veving var hovedfaga, men det var også tilbod om kurs i matlaging. Ein kveld kvar veke var det hyggekveld med samtaler, høgtlesing, song og musikk.

ANNONSØRINNHALD

Ebok

Innbydelse til bryllup

kr. 87

Aksel Flåm er en av verdens beste hackere. Når han prøver å få kontroll over lotto-kulene blir russisk etterretning oppmerksom på ham og ønsker å dra nytte av hans ferdigheter.

https://www.norli.no/boker/skjonnlitteratur/romaner/innbydelse-til-bryllup

Bertha var styrar til 1927. Da kjøpte niesen hennar, Anna Garnæs, skulen. Anna hadde vore hjelpelærar frå 1897, fast lærar frå 1901 og var styrar frå 1927 til ho gjekk av i 1950.

Både Bertha og Anna fekk Kongens fortenestemedalje.

Tredje generasjon i Garnes-ætta til å drive denne skulen var Aslaug Garnes Johnsen. Ho blei tilsett som lærar i 1947. Frå 1. august 1968 overtok fylket driften av skulen. Det blei reist nytt skulebygg i 1975. No er det Frelsesarmeen som driv gatehospital i dette bygget.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Ett kommentar til “Bertha Garnæs: Starta eigen skule for jenter”

  1. Gerd Johanne Nyheim avatar
    Gerd Johanne Nyheim

    Så interessant historie.
    Eg var heldig å fekk gå der på gamle skolen, klasserom i kjellaren
    Aslaug Gares Johsen
    som lärar.
    Gode minner.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *