Lars Martinusson Ådna – museumsbyggar og ættesogeskrivar

Ådnatun museum. Foto: Svein Harkestad

Lars Martinusson Ådna blei fødd 24. april 1884 og vaks opp på Ådna gard. Det var faren hans, Martinus Revheim frå Osterøy, som kjøpte denne garden i Indre Arna. Lars Martinusson Ådna døydde 20. februar 1971.

Lars utdanna seg til lærar. Han tok arbeid i framhaldsskulen, der det var kortare skuleår. Det gjorde at han fekk høve til å reise mykje. Han arbeidet som lærar fram  til han måtte gå av då høyrselen svikta.  

Han kom tilbake til farsgarden i 1931. Då bygde han seg bustadhus langt på veg med eigne hender. Lars gifta seg med Kari Vetrhus  i 1933.

Lars Ådna blei den første formann i Arna Mållag då laget blei skipa 6. mars 1932.

I 1933 starta Lars med å bygga opp samlingane på Ådnatun.

Han skreiv fire band om ættene i Haus, Ætt og æle. Dei fire banda omhandla ættene i sokna Arna, Ytre Arna, Haus og Gjerstad. Heile verket var på om lag 2.000 sider.

Kari og Lars hadde ei stor boksamling. Dei testamenterte bygningar med innbu, bøker og anna dei hadde samla til broren til Kari, Guttorm Vatndal.  Han skulle skipa ei eigen stifting. Stftimga blei skipa i 1982. Finansiering av stiftinga skulle vere oppsparte middel frå Lars som låg i aksjar i Vestlandsbanken. Men under bankkrisa i slutten av 1980-talet blei desse aksjane verdilause.

Lars Ådna fekk Kongens fortenestemedalje.

I september 2006 avduka Arna Sogelag minnesmerket over Kari og Lars Ådna på Ådnatun. Tidlegare fylkeskultursjef Aasmund Mjeldheim stod for avdukinga. Sogelaget brukte pengane som følgde med Kulturprisen  i 2002 til dette minnesmerket.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Ett kommentar til “Lars Martinusson Ådna – museumsbyggar og ættesogeskrivar”

  1. Sigrun Gjerde Arefjord avatar
    Sigrun Gjerde Arefjord

    Sofia Pernille Gjerde født 1887 var i mange år med og gikk rundt for å hjelpe Lars Ådna med slektgransking. Dette ble hennes hobbi som pensjonist. Hun var fra Gjerdegården i Vollavegen. Hun døde i 1976.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *