Ho blei fødd 3. februar 1891 og vaks opp i Eikangervåg i Osterfjorden, tok utdanning ved Menighetssøsterhjemmet i Oslo og kom til Arna 1. januar 1922. Ho var åleine som helsesøster, heimesjukepleier og heimehjelp både i Arna og i den delen av Osterøy som låg i Haus kommune.
Ho tok seg fram på sykkel i all slags ver dag og natt, kvardag og helg, heile året.
Ingeborg Eikanger var ein institusjon i bygda, skriv Marta Hildegunn Mjeldheim i Mål og Miljø for 1995. Ho ga heile si tid og alle sine krefter for å betre folkehelsa og hjelpa når nokon trong det
Ho var tilsett av helselaget og soknerådet som den første sjukepleiar i Haus sokn.
Ho hadde helsekontroll på skulane, tok pirquet-prøve, målte høgde og vekt, sette vaksiner og dreiv lus-kontroll. Ho hadde aldri ferie og var aldri sjuk sjølv.
Når legen hadde skrive ut resept på medisin, var det ofte søster Ingeborg som hentet den og betalte den på apoteket i Ytre Arna. Mange levde i trange kår og ofte hadde ikkje Ingeborg hjarta til å krevja å få tilbake det ho hadde lagt ut for medisinen.
Det hende at heile familiar låg sjuke og då kunne søster Ingeborg ta over husstellet, lage mat, vaske opp og tørke over golvet, ved sida av å stelle dei sjuke.
ANNONSØRINNHALD
Ebok:
Innbydelse til bryllup
kr. 76
Aksel Flåm er en av verdens beste hackere. Når han prøver å få kontroll over lotto-kulene blir russiske etterretning oppmerksom på ham og ønsker å dra nytte av hans ferdigheter.
https://www.norli.no/boker/skjonnlitteratur/romaner/innbydelse-til-bryllup
Søster Ingeborg var av den meining at den som var sjuk skulle halda senga til han var frisk att. Ein gong var det ein mann som meinte at dette ikkje var nødvendig og stod opp og kledde på seg. Då fekk søster Ingeborg han i seng att og gøymde buksene hans til han var frisk.
Då søster Ingeborg slutta som menighetssøster i 1951 var ho heilt utslitt. I sine siste leveår budde ho på Arna Helseheim, der ho døydde 14. januar 1973, nær 82 år gamal.
Legg igjen en kommentar