Solveig Tesdal – organist, dirigent, musikklærar

Som pensjonist arbeide Solveig Tesdal som organistvikar på Osterøy, Voss og Indre Arna til ho var nærmare 90 år gamal. (Foto: Jon Tesdal)

Solveig Tesdal blei fødd 29. august 1910 i Sveio som eldste dotter i ein søskenflokk som etter kvart var på ni. Foreldra var Arnfine Dommersnes og Sigurd Førsund.

Som 12-åring arbeide ho som organistvikar. Faren var lærar i Etne i 33 år før han flytta til Indre Arna.

Solveig utdanna seg til handarbeidslærar. Ho var lærar i Etne, Fjell, Hosanger, Kinsarvik, Førde og Herdla. 24. april 1948 gifta ho seg med Einar Tesdal, som då var sokneprest i Herdla og Hjelme prestegjeld. Dei fekk sønene Jon (i 1949) og Ragnar (i1952).

Solveig tok organisteksamen i Bergen i 1957. Ved juletider i 1958 kom dei som prestefolk til Indre Arna. Solveig blei straks engasjert som dirigent i Arna Songlag og Songlaget «Von» på Tunes. Seinare var ho med på starten av Arna kyrkjekor. Ho tok eksamen som musikkpedagog. 56 år gamal tok ho førarprøven.

Solveig Tesdal tok førarprøven då ho var 56 år gamal. (Foto: Jon Tesdal)

Ho blei tilsett som organist, først i Haus og seinare i Arna. Ho var timelærar i musikk i Haus og Arna og underviste pianoelevar heime. I 1965 tok ho eksamen  som musikkpedagog ved Bergen Musikkonservatorium.

Einar døydde i 1979. I pensjonistalder arbeide Solveig Tesdal arbeide som organistvikar på Osterøy, Voss og Indre Arna til ho var nærmare 90 år gamal.

Solveig døydde i august 2012, 102 år gamal.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

2 kommentarer til “Solveig Tesdal – organist, dirigent, musikklærar”

  1. […] Solveig Tesdal – organist, dirigent, musikklærar […]

  2. […] Solveig Tesdal – organist, dirigent, musikklærar […]

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *