Arnold Nævdal blei fødd 9. september 1918 i Ytre Arna. Han budde heile livet i huset på Hundhaugen. Han døydde i desember 1992, 74 år gamal.
Som 12-13-åring fekk han sin første jobb i Arne Fabrikker. Jobben var å trekke ut spikrar frå gamle materialer. I ungdommen var han levande oppteken av teater og dramatikk. Hans første store oppdrag på scena var å stå på ein høgtalarbil på torget i Ytre Arna og lese dikt av Arnold Øverland, skriv Magne Lien i Mål og Miljø 2018.
Han var aktiv i lokalpolitikken for Arbeidarpartiet og sat i kommunestyret i Haus kommune i 18-20 år. Han var med i byggekomiteen for Arna stadion og var formann i byggekomiteen for Ytre Arna skule. Han arbeidet seinare i Norsk Folkehjelp , BA-administrasjonen og som redaktør i Vaksdalsnytt.
Arnold Nævdal skreiv lokalhistorie. Han utga jubileumsskrifter om Arna Mannsforening, Arne Musikforening, Ytre Arna kyrkje, Arna Turn og Idrettslag og Arna og Åsane Samvirkelag. Han hadde mange oppdrag som konferansier.
I eit mineord etter hans bortgang siterte journalist Sveinung Ones i BA nokre ord Finn Bjørn hadde skrevet til hans 60-årsdag: «Det er bare det at han blir så levende opptatt av problemene, og har slik våken sans for poengene, og er utstyrt med en slik myldrende nyttig fantasi, og er så inderlig hjelpsom – at alle har bruk for ham».
Sveinung Ones avslutta slik: «Når han no har gått til kvile, har me den gode vissa i oss, han gjorde livet rikare for sine næraste, si bygd og for oss alle som hadde gleda av å dela arbeidsplass med Arnold».
Arnold Nævdal var bror til Johannes Nævdal.
Legg igjen en kommentar