Alma Mjelde – hjalp fangar under krigen

Alma Mjelde var fødd og oppvaksen på Hatland på Osterøy. Ho kom til Espeland i 1937. I 1939 gifta ho seg med Ivar Mjelde frå Mjeldalen på Osterøy. Dei fekk tre barn: Erling, Arild og Grete. Både Alma og Ivar var aktive i motstandsrørsla under krigen.

Bildetekst: Sonen Erling Mjelde (til venstre) i prat med Magne Mestad. (Foto: Audun Stølås)

For Alma starta det med at ho var ute og trilla 2 år gamle Erling i barnevogn på Lone, har ho fortalt til Arvid Midttun i ein artikkel han skreiv i Mål og Miljø. Då trefte dei tre fangar frå Espeland fangeleir og ein tysk vaktar. I leiren hadde dei snikkarverkstad med økser og mykje anna verktøy. Men dei hadde ingen slipestein. Difor måte dei annankvar veke ut på bygda for å få slipt verktøyet. Alma kom i prat med fangane og vaktaren. Dei fortalde at dei ville kome attende 14 dagar seinare. Alma tykte fangane så magre og medtekne ut og ville hjelpa dei med litt føde. Ho såg etter dei og hadde med seg eit mjølkespann. Dei fekk drikke mjølka i ei skykje ved vegen. Etter kvart inviterte Alma fangar og vaktar heim til seg og laga mat til dei der.

Alma skreiv brev til konene til fangane slik at dei kunne koma heim til ho og hjelpe til med å servere mat utan at vaktarane visste noko om det. Det var koner både frå Os og Voss som kom til heimen hennar på denne måten.

Så starta ho med å smugle matsendingar inn i leiren. I dette arbeidet samarbeide ho med Johanna Askeland, som dreiv Lone Landhandel. For å koma inn i leiren nytta dei sardinbokser til å bestikke vaktane med. Dei formidla også meldingar inn og ut av leiren. Det kunne vere meldingar om våpenlagre og ammunisjon, og om forklaringar gjeven til tyskarane som fagnar andre stader måtte få veta om.

Alfred Kisling frå Leipzig var tysk vaktar i Espeland fangeleir. Han blei kalla for Snille-Alfred og samarbeide med den norske motstandsrørsla. Han hadde tidlegare vore på Ulven og samarbeide med motstandsfolk der. Der samarbeide han med Sofie og Thorstein Berg. Ein dag kom Sofie Berg ti Alma Mjelde og spurde om ho kunne vere kontakten hennar på Espeland. Det var matforsyningar og meldingar som skule smuglast inn i leiren og meldingar ut frå den.

For å kunne få til dette måtte Alma stå på god fot med dei tyske leiarane i leiren. Dette førde til ondsinna bygdesladder. For å få slutt på dette og for å gi henne takk og oppreisning sette to av leiarane i Heimefronten inn ei melding i Bergens Tidend like etter krigen. I meldinga skreiv dei at fru Alma Mjelde var ein av dei flinkaste og mest iherdige medarbeidarane dei hadde hatt.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Ett kommentar til “Alma Mjelde – hjalp fangar under krigen”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *