Sigurd Førsund – mannen  bak «Å Vestland, Vestland»

Komponisten Sigurd Førsund budde i Arna frå 1953 til 1970. (Foto: Willum Ekrem. Retusjert)

Sigurd Førsund blei fødd på Kyrkjebø i Sogn  20. september 1884 og døydde 26. november 1970 i Arna. Han vaks opp på garden Førsund på sørsida av Sognefjorden.

Førsund avla eksamen på Stord lærarskule i 1906. Han blei norsklærar, bygdebokforfattar, klokkar, organist og komponist.

Han var lærar i Sveio i to år og her møtte han Arnfine Dommersnæs, som blei kona hans. Dei gifta seg i 1909. Medan dei budde på Sjernarøy mista dei ein gut på fire månader. I 1918 blei Sigurd råka av spanskesjuka og det stod ei tid om livet.

Bryllupsbilde, Sveio 1909, av Sigurd og Arnfine Førsund, fødd Dommersnæs (1886-1966). Fotograf ukjend. Kilde: Arnfrid Mælands biletsamling.

Familien flytta til Etne, der Sigurd var lærar i Rygg skulekrins frå 1919 til 1950. Dei fekk ni born. I 1942 blei han send til Kirkenes som fange grunna lærarstriden.

Familien Førsund med førstefødde Solveig i lærarbustaden i Holmork i Sjåk 1910 eller 1911. Det var på denne tid Førsund komponerte «Å Vestland, Vestland». Fotograf ukjend. Kilde: Arnfrid Mælands biletsamling.

I Etne engasjerte Førsund seg sterkt i samfunns- og kulturliv. Han sat i heradsstyret og skulestyret og var også likningssekretær. Han var formann i Etne skulestyre i 13 år. Politisk sokna han til Venstre, og hadde tillitsverv i partiet. 

26. juli 1944 mista Arnfine og Sigurd to av gutane sine, Ragnar og Olav, under ein fjelltur i området mellom Etne og Sauda. Det tok svært lang tid før dei blei funne slik at uvissa gnog i mange år, opplyser barnebarnet Jon Tesdal

Sigurd og Arnfine flytta til Arna då Sigurd blei pensjonist i 1953. Grunnen til at dei flytta til Arna var at ei av døtrene deira, Eldbjørg, budde i Indre Arna. Eldbjørg var gift med lærar og rektor Aksel Kr. Mæland. Eldbjørg og Aksel er foreldra til Arnfrid Dommersnæs Mæland.

Den mest kjente melodien Førsund har laga er «Å Vestland, Vestland, når eg ser deg slik». Denne melodien blei laga i 1910 og blei først trykket i Norsk Toneblad i 1913. Den blei spilt i ein lokalradio for første gong i 1964, meir enn 50 år etter at den blei laga. Tore Ørjasæter laga teksten i 1908.

Sissel Kyrkjebø framførte songen på fjernsynet første gong 20. januar 1985. Den var med på hennar første soloalbum i 1986. Songen låg lenge på Norsktoppen.

På sine eldre dagar brukte Førsund mykje av tid på å skrive gards- og ættesoge for Kyrkjebø, saman med broren Adolf Førsund.

Sigurd Førsund var far til Solveig Tesdal.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

4 kommentarer til “Sigurd Førsund – mannen  bak «Å Vestland, Vestland»”

  1. Arnfrid Dommersnæs Mæland avatar

    Her er litt om Førsund sin kone, min mormor, Arnfine f. Dommersnæs: http://fjellsiden.blogspot.com/search/label/Arnfine

    1. Audun Stølås avatar

      Takk for det, Aernfrid. Jeg kan lage noe på det. Kan jeg bruke bildene også?

      Hilsen Audun

  2. Gerd Johanne Nyheim avatar
    Gerd Johanne Nyheim

    Fin historie å lese.
    Litt av en familie kjekt å lese.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *