Asbjørn Brekke – kunstprofessor og Ådnatun-byggar

Asbjørn Brekke blei fødd 4. februar 1922 i Vefring i Sunnfjord. Han vaks opp i Arna. Han døydde i 1992.

1951 gifta han seg med Bergljot Hageberg og dei busette seg i Teigane i Indre Arna.

Asbjørn Brekke studerte ved Bergen Kunsthåndverkskole og i København og Paris. Han debuterte i Bergen Kunstforening i 1955. I 1957 blei han tilsett som lærar ved Bergen Kunsthåndverkskole, der han seinare blei professor.

Han var ei tid formann i Arna Sogelag. I over 30 år gjorde Asbjørn Brekke ein stor frivillig innsats for Ådnatun. Dette arbeidet måtte gjerast av frivillige fordi eigenkapitalen som Lars Ådna hadde bygt opp var plassert i aksjer i Vestlandsbanken og gjekk tapt under bankkrisa på slutten av 1980-talet.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Ett kommentar til “Asbjørn Brekke – kunstprofessor og Ådnatun-byggar”

  1. Gerd Johanne Nyheim avatar
    Gerd Johanne Nyheim

    Ja, gode minner topp,flink person og familie.
    Når vi flytta i nytt hus
    høsten 1975, ville mor gi oss et bilde. Ho hadde vært å hjelpe familien. Han kom med 4 bilder til oss.
    Vanskelig å velge, enda opp med fargespil. Trur vi hadde bilda i fleire år, hasta ikkje, sa han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *