Arne Brusdal – skreddarmeister og kunstmålar

Sjølvportrett: Arne Brusdal måla dette sjølvportrettet i 2006

Arne Brusdal blei fødd 2. januar 1911 på Gamlem på Sunnmøre. Han blei skreddarmeister med eigen skreddarverkstad i Bergen. Han var tilsett av NSB og fekk ansvar for NSBs uniformer på strekninga mellom Bergen og Ål. Brusdal hadde eige skreddarverkstad på Engen med fire tilsette. Han hadde ei eigen skreddarvogn på toget der han kunne ta mål av dei som skulle ha uniform.

Dette sjølvportrettet teikna Arne Brusdal i 1981

Brusdal var ein dyktig kunstmålar. Han spesialiserte seg på akvareller frå byens smitt og smau. Blant hans større arbeider er eit stort måleri av den oppstandne Kristus som no står i Indre Arna bedehus. Dette maleriet var tidligere altermåleri i Frikyrkja i Bjørnsons gate på Kronstad i Bergen. Eit måleri av Jesus og borna står ved døpefonten i Stedje kyrkje i Sogndal. Han hadde mange utstillingar i bergensområdet. Måleri av Brusdal er innkjøpt av mellom anna Noregs Bank, Posten og HSD.

Dette måleriet, som før var altermåleri i Frikyrkja i Bjørnsoms gate, står no i Indre Arna bedehus.

Eigentleg var det kunstmålar han ville vera på heiltid. Men faren hans gjekk imot det. 16 åt gamal var han elev på målarskulen som Jonas Peson dreiv i Ålesund. Peson var frå Finland, men flytta til Noreg i 1916. Han dreiv målarskulen i Ålesund frå 1923 til 1951.

19 år gamal teikna Arne Brusdal dette portrettet av far sin i 1929. Faren heite Karl Johan og var sjømann.

Arne Brustad gifta seg i 1938 med Ruth, som var oppvaksen på Kronstad. Dei to fekk fire søner og ei dotter. Familien budde i Ibsensgate, like bak ein stor gasstank. Når gasstanken var tom kunne dei sjå inn på Krohnsminde stadion. Nå den var full kunne dei ikkje sjå inn.

Brusdal hadde astma og legen råda han til å flytte, anten til Geilo eller Arna. Det blei Arna. Brusdal blei heilt frisk igjen. Familien budde då i Øvre Seimsmark.

Brusdal var søndagsskulelærar i Frikyrkja på Kronstad og i Arna.

Akvarell av familien sitt naust i Gamlem

-Far var utroleg på mange måtar, seier sonen Karl Johan Brusdal. Vi har rekna ut at han måla mellom 3.000 og 4.000 bilete. Han var utrolig snill og raus. Han solgte ein del bilete, men gav vekk mesteparten.

Under krigen melde han seg som frivillig og deltok i harde kampar på Voss og i Valdres.

Arne Brusdal døydde 26. september 2010, nær 100 år gamal. Han var då innlagt på sjukehus for noko som ikkje blei rekna som spesielt alvorleg. Nokre i familien hadde vitja han på sjukehuset og teke farvel. Dei var ikkje før komme til parkeringsplassen før dei ringde frå sjukehusavdelinga og sa at han var død. Dei gjekk attende og der sat han i stolen han sat i då dei tok farvel nokre minutt tidlegare.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

4 kommentarer til “Arne Brusdal – skreddarmeister og kunstmålar”

  1. Karl Johan Brusdal avatar
    Karl Johan Brusdal

    Så kjekt å lese om far.Han var utrolig på mange måter.Ville bli kunstmaler,men det gå jo ikke sa faren,du må ha et yrke! Flyttet til Arna da han hadde astma. Alternativet var Geilo,heldigvis ble det Arna😄Vi har regnet ut,sånn ca at han har malt mellom 3000 til 4000 tusen bilder!!! Han var også utrolig snill og raus,solgte en del bilder men gav vekk mesteparten .

    1. Audun Stølås avatar

      Takk for hyggelig melding. Det hadde vært interessant om jeg kunne bruke noe av det du skriver i en oppdatert versjon. Er det i orden?

  2. Gerd Johanne Nyheim avatar
    Gerd Johanne Nyheim

    Så koselig og fint å lese.
    Har nok vært kjent og venner med familien siden de flytta til Seimsmark.
    Hilsen Gerd Johanne

  3. Arne Johan Egge avatar
    Arne Johan Egge

    Gode minner om hele familien Brusdal. Kjekt å lese historien.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *