Olav Lunde blei fødd 23. april 1908 på Lundegrend i Tysnes.
Under salmen før preka faller presten saman foran alteret. Han blei boren inn i sakrestiet. 52 konfirmanter og deira familier og vener var til stades i kyrkja. Organisten spilte dempet. Det blei ei lang ventetid. Klokker Olav Hartveit kom fram i kordøren og fortalte at presten var død og at gudstenesta var avlyst. Konfirmantane samla seg rundt alteret og deretter gjekk alle heim
Lunde var berre 50 år gamal då dette hende. Det plutselege dødsfallet til ein kjær prest har fulgt mange i Arna i alle år som er gått etter den tragiske hendinga.
Konfirmasjon blei halde to veker seinare, på 1. pinsedag. Det var ein merkeleg konfirmasonsgudsteneste. Den var på ingen måte prega av den store gleda som er vanleg ved slike høve.
Ann-Karin Hageberg er dotter av Olav Lunde. Ho var i Florø som 20 år gamal sjukepleieelev den søndagen faren døydde i Arna kyrkje. Ho har fortalt at denne hendinga har vore det som har gjort sterkast inntrykk på henne i livet. Søsteren Arnlaug var på lærarskulen i Volda då dette skjedde.
Familien budde i prestegarden i Indre Arna. Gravferda skulle skje 18. mai. Då 17. mai-prosesjonen gjekk forbi prestegarden blei alle flagg senka.
Olav Lunde blei fødd på Lundegrend i Tysnes 23. april 1908. Han var ferdig med presteutdanning i 1932 og begynte då i Den Indre Sjømannsmisjon. I 1946 tok han til som residerande kapellan i Haus prestegjeld med Arna som tenestestad. I minneorda var det mellom anna hans vennlegheit og ydmykheit som blei framheva.
Legg igjen en kommentar