Foto: Margot Hauge i godstolen heime på Hauge.
Margot Hauge er fødd 17. april 1933 og vaks opp på Lonevåg på Osterøy under krigen. Eit artig barndomsminne var at halmen i madrassen blei skifta til jul.
- På julaftan låg vi veldig høgt. Så blei madrassen lågare og lågare fram til halmen blei skifta igjen neste jul. Det var alltid fare for å få lopper i halmen, men det gjekk stort sett bra, seier Margot.
Noko av det store ho huskar frå barndommen var at dei fekk sjokolade til jul. Det var noko dei aldri fekk elles i året.
Det var 1. juledag som var den store kyrkjedagen på den tida. Dei måtte gå ein time kvar veg til og frå Gjerstad kyrkje. Skikken med kyrkjegang på julaftan kom seinare.
19 år gamal kom Margot til Espeland for å jobbe på Janusfabrikken. Ho blei med i bedehuset Betania på Lone. Der blei ho snart godt kjend med Jens K. Hauge. I 1957 gifta dei seg og overtok Hauge-garden i Langedalen etter Jens sine foreldre Karl og Nikolina, som berre blei kalla Nikka. Ho gjekk heilt krumbøygd. Dei arbeide seint og tidleg og var svært flinke. Dei vente at andre skulle arbeide like mykje heile tida. Det var ikkje greitt å setja seg ned for å kvile.
Margot og Jens fekk åtte barn. Av dei er det to tvillingpar. Den eldste, Kåre Rune, blei fødd i 1958 og er no domprost i Fredrikstad. Han har vore kandidat ved bispeval. Jan har overtatt garden. Dei fleste døtrene er sjukepleiarar. Solveig er ute på hospitalskipet Mercy Ships i Sierra Leone. Ho var med i det første norske ebolateamet som i 2014 reiste til Vest-Afrika.
For sju år sidan mista Margot dottera Marit. Ho var heime både julaftan og 2. juledag den siste jula ho levde, men var veldig svak. Det var eit svært smerteleg tap.
Margot har 20 barnebarn og åtte oldebarn.
Advent var ein særdeles travel tid med mykje som skulle gjerast.
- Ein julaftan morgon sa Nikka til meg at eg måtte vaska alle vindauge i fjøset. Men då sa eg nei, det gjer eg ikkje.
Jens laga adventsstake av greiner frå trea. Alt skulle kledast i lilla. Kvar søndag var alle samla når vi tente lys og song.
- Det gjer eg framleis sjølv om eg er åleine, seier Margot.
- Vi laga kalender for adventstida. På Vestlandske bokhandel handla vi inn figurer med kristne symbol til kalenderen.
- Vi var nøye på at alt sølvtøy skulle pussast til jul. Dette var noko barn og etter kvart barnebarn var med på.
Det var mange kaker som skulle bakast. No er alltid barna Kari og Jan og nokre av barnebarna med når vi lager peparkaker og lefser.
Og når grisen blei slakta var det mykje å laga til. Vi laga sylteflesk og sydde rullepølse. Det blei også laga leverpostei i store mengder. Vi lagar framleis rullepølse og då er barn og barnebarn med. Kakehus blir pynta lille julaftan.
Eit kjært adventsminne var at Aslaug Borge og eg i mange år baka lefser saman. Vi bakte ein heil dag og laga både tykke og tynne lefser.
Så skal vi rundt med lys på alle graver. Eg held på skikken med å skrive julekort. I dag er det mange som heller tek ein telefon, men eg synes det er kjekt å skrive julekort, sjølv om det ikkje er alle som svarer.
Ein dag i adventstida reiste heile familien til Oasen i Fyllingsdalen. Det var det første kjøpesenter. I Bergen. Barna fekk pengar slik at dei kunne kjøpe gåver. Vi kjøpte is og hadde det kjekt. Men det var eit minus at folk røykte over alt på den tida og lufta var tung. Vi reiste også til Bergen sentrum for å sjå på nissane hos Sundt.
På julaftan formiddag var alle samla på låven når vi bar ut graut til nissen. Då song vi om julenissen på låven. Etterpå var alle samla på kjøkkenet for å ete graut.
- Eg har ymta frampå nokre gonger om det ikkje snart er tida for å kutte ut denne grauten til nissen på låven. Men dei ønsker å halda fram med det.
Ingen fekk gå inn i stova før etter at vi hadde vore i kyrkja på julaftan. Der stod juletreet som Margot og Jens hadde pynta kvelden før. Det store treet på tunet blei også pynte og fekk lys.
Margot har også vore aktiv med juletradisjonar utanfor heimen. I om lag 20 år var ho med på førjulsarrangement i Blå Kors og Kvite Band i Bergen.
- I år blir vi 11 heime på julaftan. Solveig kjem heim frå skipet i Sierra Leone og det er kjekt. Midt i alt strevet må vi gje oss tid til å tenke over kvifor vi feirar jul. Det er det viktigaste, seier Margot Hauge.
(Denne artikkelen stod også på trykk i Kyrkjeblad for Arna i desember 2024)
Legg igjen en kommentar