Foto: Erling Mjelde (til høgre) fekk i 2016 Rotarys utmerking Paul Harris Fellow. Ottar Hope til venstre og Sveinung Mjelde, som då var president i Arna Rotaryklubb, i midten. (Foto: Audun Stølås)
Erling Mjelde blei fødd i på Hatland i Lonevåg på Osterøy i 1941. Han har likevel hatt det meste av sitt virke knytt til Espeland og Arna. Det blir fortalt at han blei ein aktiv motstandsmann allereie medan han låg i barnevogn. Foreldra hans, Alma og Ivar Mjelde, var aktiv i motstandsarbeidet under krigen.
Erling var i mange år aktiv i Janus musikklag. Han arbeide som seljar og utvikla evneatil å si dei rette tinga rett, til rett tid og på rett stad.
Erling Mjelde blei engasjert i politikk i Arbeiderpartiet og blei bydelsstyreleiar i Arna bydel og medlem av Bergen bystyre.
Hans engasjement for Espeland fangeleir er unikt og kjent langt utanfor Arna og Bergen. I 1997 såg han i Bergens Tidende at leiren var til sals. Han fekk stogga salet. Stiftinga Espeland Fangeleir blei oppretta i år 2000. Stiftinga overtok leiren 30. januar 2015 etter at Stortinget 12. desember 2014 gjorde vedtak om vederlagsfri overtaking slik at leiren kunne nyttast til krigsmuseum til lærdom for framtidige generasjonar.
Bygginga av Espeland fangeleir tok til på nyåret 1943 og var ferdig våren 1944, men i bruk frå sommaren 1943. I overkant av 200 fangar var i leiren ved slutten av krigen.
Foto: Erling Mjelde (til venstre) med Magne Mestad. (Foto: Audun Stølås)
Erling Mjelde fekk i juni 2016 Rotarys utmerking Paul Harris Fellow av Arna Rotaryklubb. Sveinung Mjelde, som då var president i klubben, sa at Erling Mjelde har satt spor etter seg. Han er ein likendes kar med mange sider. Han er ein samfunnsbyggjar som har opplevd mangt og mykje.
Mjelde har tidlegare motteke Kongens Fortjenstmedalje blant anna for innsatsen sin i bevaringen av Espeland fangeleir.
Legg igjen en kommentar