Foto: Magne Lien driv gardsmuseet saman med dottera Synnøve Lien (Foto: Audun Stølås)
Magne Lien blei fødd 5. juni 1949 og vaks opp på garden i Ytre Arna som har vore i familien si eige frå 1855. Då kjøpte tippoldefaren Magne Haugland Lien garden. Den var del av det området som Peter Jebsen kjøpte i 1846 for å bygge fabrikk. Garden var i drift til litt utpå 1980-talet.
Magne Lien var banksjef i Sparebanken Vest. I sitt arbeid med banken sitt gåvefond kom han i kontakt med Åsane og Ytre Arna Historielag og gjennom det fekk han ideen om eit gardsmuseum.
Det første han gjorde var å bygge eit grindbygg oppå siloen. I dette grindbygget er det innreia bestestove. I 1920-åra vann familien eit solid spisebord med stoler på ein utlodding til Statens Husindustriskule på Festtangen.
I siloen er det innreia museum. Alle reiskapar som er utstilt, har vore i bruk på garden. På låven er det større reiskapar og utstyr.
Magne opna gardsmuseet i juni 2018. Han inviterte naboane og bygdefolket til opninga og om lag 40 dukka opp. Dei blei imponert over det dei såg.
Foto: Større reiskaper er utstilt på låven (Foto: Audun Stølås)
Lien gardsmuseum er også full av idrettshistorie. Det var ski og turn som var det store i Ytre Arna. Like utanfor garden var det to hoppbakkar og ein utforbakke. Faren til Magne var likningsfunksjonær og fritidsbonde. Han laga også ski. Fleire av dei er utstilte på museet. Magne har også teke vare på avisutklipp og resultatlister frå skitevlingar. På 1950-talet var det eit aktivt hoppmiljø på garden.
Også i turn hevda far til Magne og hans brør seg, også nasjonalt.
Magne driv gardsmuseet saman med dottera Synnøve Lien. Ho har i alle år vore aktiv i Arna-Bjørnar i ulike oppgåver. I januar 2020 held ho hovudtalen på eldrefesten til Arna Rotaryklubb. Ho sa då at det å bli medviten om sine verdiar og arbeide saman med andre om å realisera dei, var noko ho hadde lært under oppveksten på garden. På dette feltet var farfaren det store forbilete. Dei eldre la til rette for gode oppvekstkår i bygda og skapte møteplassar for alle generasjonar..
Foto: Synnøve Lien (til høgre) heldt hovudtalen på eldrefesten til Arna Rotaryklubb i januar 2020. Gunvor Djønne til venstre. (Foto: Audun Stølås)
- Vi er stolte over det forfedrene og formødrene våre har skapt. Og vi vil gjerne ta vare på det og visa det fram, sa Synnøve til Bergens Tidende då avisa var på vitjing i september 2023. Synnøve sa at ho er stolt over det forfedrene har skapt.
Magne Lien har fått stor anerkjenning og takk for gardsmuseet han har skapt.
Legg igjen en kommentar