Foto: Ove Mellingen er, etter eige utsagn, den einaste i Telemark som kan Arna-songen utanboks. (Foto: Audun Stølås)
Ove Mellingen blei fødd 1. oktober 1964 på Marta Skeie sin fødestove i Indre Arna. Han vaks opp på Neshaugane på Espeland. Etter ungdomsskulen gjekk han eit år på grafikklina på Bergen yrkesskule. Etter det gjekk han i typograflære i Bergmanns boktrykkeri. Han starta som typograf i BA/Bergens Arbeiderblad i 1985 og blei etter ei tid journalist i avisa. Mellingen blei utviklingsredaktør i Telemarksavisa i Skien i 1993 og sjefredaktør i avisa i 1998.
Ove Mellingen gjekk frå Bergen til Skien i 2018 etter ei uttale han kom med i eit NRK-intervju 18 år tidlegare. For å vera litt bråkjekk sa han då at han skulle gå frå Bergen til Skien når Telemarksavisa blei større enn Varden. Det skjedde i 2018 og Mellingen brukte 16 dager på turen. Den vakraste delen var turen over Gullfjellet, fortel han.
I sine 26 år som sjefredaktør i Telemarksavisa har han skrive over 7.000 kommentarartiklar. I eit kåseri i Møteplassen i Espeland fangeleir 28. august 2024 sa han at ein god del av desse artiklane grunner seg på refleksjonar etter opplevingar frå oppveksten i Neshaugane på Espeland. Han fortalte frå nokre av desse minna og artiklane.
Ove Mellingen sa at han er den einaste i Telemark som kan Arna-songen utanboks.
Han fortalte frå det religiøse livet på Espeland på den tida. Der var det tre bedehus, Betel, Salem og Betania. Besteforeldra Margit og Peder og mora gjekk i Betel, medan andre i familien gjekk i Salem. Nokre i familien var svært religiøse, andre var mindre religiøse, medan andre, som eg, ikkje blei ein del av den kristne bevegelsen då eg blei vaksen. Men alle tolererte alle, sa han.
Han spelte fotball på Espeland og ei gong vann laget hans 35-0 over Unneland og 22-2 mot Espelandsmyrene. Det var ikkje det at vi var så gode, men dei andre var så dårlege.
Telemarksavisa blei skipa i 1921. Ove Mellingen er den einaste sjefredaktør i avisa som ikkje er medlem i Arbeiderpartiet.
- Eg meinat at ein sjefredaktør ikkje skal vera medlem av noko politisk parti. Men eg er sosialdemokrat og set dei sosialdemokratiske verdiar høgt, sa han.
Foto: Ove Mellingen i godt lag på Møteplassen i Espeland fangeleir 28. august 2024 (Foto: Audun Stølås)
Ein artikkel som viser dette fekk namnet Dette er for alle dei som ikkje blei fødd på eit sølvfat, som ikkje fekk del i velstandsutviklinga.
Noreg med den velstand vi har i dag, har ikkje kome av seg sjølv. Det har vore folk før oss som har jobba knallhardt for å løfte landet ut av fattigdom. Hvis du vil oppleve meir enn gjennomsnittet, må du jobbe hardare enn gjennomsnittet, sa han.
«Den viktigste jobben» er tittelen på en annen kommentarartikkel. Den framhever læraren. Vi går feil veg i dette samfunnet om vi rigger det slik at det ikkje nokon av dei beste ikkje lenger har lyst til å bli lærar. Dei beste blant oss må gjera noko som gjer vetuge folk av borna våre på skulen, sa Mellingen.
I artikkelen «De som reiste ut» fortel Ove Mellingen om sin onkel Reidar som reiste til sjøs som 16 åring. Poenget i artikkelen er at vi treng alle typer mennesker.
- Onkel Reidar arbeidde hardt. Han budde nokre år i Australia, men flytta til Canada. Politisk stod han ein del til høgre for Trump. Eg var ein gong i Arizona i USA . Då onkel Reidar fekk høyrte det køyrde han i tre dagar frå Canada for å krangla med meg, sa Ove.
Han viste bilde av ein gul gravemaskin som dukka opp i Unnelandsvegen. Føraren jobbe med graving i knappe to dager. Etter det stod gravemaskinen urørt i 22 år.
«Min barndoms grøne dal» var tittelen på kåseriet i kvinnebrakka i Espeland fangeleir.
- Ingenting er mogeleg utan røter. Takk til Arna- og Espelandsfolket som skapte det miljøet eg vaks opp i og som ga meg røtene mine, sa Ove Mellingen til ei fullsett kvinnebrakke i fangeleiren.
Legg igjen en kommentar