Berit Ommedal fekk i 1996 Kongens fortenestemedalje i gull for sitt arbeid med idrettslaget Vivil. Foto: Privat. Utlånt fra familien.
Ho blei fødd 15. januar 1940. Berit Ommedal døydde 28. februar 2017.
Berit Ommedal var medlem av Espeland Bordtennisklubb (EBTK), ein klubb som i 1955 blei starta av Torleif Moklev med medlemmer i IL Fri. Den første treninga skjedde i Friborg på Lone, men flytta over til det gamle skulehuset på Haukeland då skuledrifta der blei lagt ned.
Berit Ommedal hadde 26 NM-titlar frå 1957 til 1973.
Ho blei i 1959/60 tatt ut til VM i Dortmund i Tyskland. Der blei ho utsett for ei alvorleg ulykke. Trikken ho sat på kolliderte med ein lastebil. 20 av dei 70 passasjerane på trikken blei skadd, Berit Ommedal mest alvorleg. Ho låg på sjukehus i Dortmund før ho kunne overførast til Bergen.
Ein gong ho var innom Attføringsinstituttet i Bergen for å ta testar av hovudskaden, fekk ho ein sterk interesse for arbeid med handikappa. Ho flytta austover. I desember 1978 var ho med på å starta Vivil, eit idrettslag for utviklingshemma og var den første leiar i idrettslaget. Ho var initiativtakar for Vivil-leikane. For dette arbeidet fekk ho i 1996 Kongens fortenestemedalje i gull. I 1992 hadde ho fått Toleranseprisen til Stortingets presselosje. I VG blei ho i 2009 kåra til helt.
Legg igjen en kommentar