Ottar Hope – Espelandsgut som blei legemisjonær og sjukehusbyggar i Bangladesh

Ottar Hope held tysdag 20. august 2024 foredrag på Arna Senioruniversitet. (Foto: Audun Stølås)

Ottar Hope blei fødd 25. mars 1948 på Espeland. Mora var Margit. Ho var frå Tunes og utdanna seg til barnepleiar. Ho jobba ei tid hjå direktøren på Freia, Thone-Holst på Bygdøy og då var det kokt sjokolasde til frokost kvar dag. Då krigen kom, arbeide ho på Sudmannske Barnehjem i Sandviken. Då tyske fly bomba der, evakuerte ho med alle barna til Fana folkehøgskule på Milde. 10. august 1940 gifta ho seg med Johannes Hope frå Espeland. Margit var 103 år gamal då ho døydde 29. september 2020. Ho stelte seg sjølv til det siste. Ho la seg om kvelden og i løpet av natta vandra ho heim til himmelen.

Johannes arbeide på Janusfabrikken. På heimegarden dreiv dei eit småbruk med sal av egg, mjølk og grønsaker for å spe på inntekta, fortel Legeforeininga sitt blad Pest-posten.

Ottar studerte medisin på Universitetet i Bergen og var ferdig utdanna lege i 1974. Med sin store interesse for song og musikk tok han eit år på musikklina på Indremisjonsselskapets bibelskule i Staffeldtsgate i Oslo.

Ottar gifta seg med Kirsten, som var lærer frå Nesttun, i 1975. Saman blei dei vigsla til misjonærar i Den norske Santalmisjon i Arna kyrkje 29. juni 1980 av misjonssekretær Jon Victor Selle.

I 1981 var dei klare for misjonærteneste i Bangladesh. Men det tok tid før familien fekk reisa ut. Ottar nytta denne tida til kompetanseheving ved å jobbe på ulike avdelinger på Haukeland sjukehus, Bergen legevakt og til kurs i tropemedisin i Liverpool. I tillegg var det kurs i språk og kultur.

I 1982 kom dei ut og budde første seks månadar i hovudstaden Dhaka for vidare språkstudier.

I Bangladesh skulle Ottar Hope drive førebyggjande helsearbeid. Santalmisjonen hadde i 1979 starta eit helseprosjekt som skulle drive opplæring av folk som kunne gjere teneste som helsearbeidarar i landsbyane. Til dette føremålet blei det i 1981 opna eit sjukehus i Brahmanbazar i Sylhet nordaust i landet. Sjukehuset skulle vera ei støtte i helsearbeidet. Det hadde ein poliklinikk, men fekk også poster med 14 senger.

Ottar Hopes bed av begonia

Ottar Hope var sentral i å utvikle sjukehuset vidare. Han og Santalmisjonen var samstemte i omsorga for det heile menneske. Utanom helsearbeidet  blei det bygd brønner som kunne gje reint drikkevatn og latriner for å betre dei sanitære tilhøve. For å gje folk arbeid ble det bygt fiskedammar og frukt- og grønnsakhagar.

Ottar overvåka vannpyttar i området kring sjukehuset for å hindre malariamyggen i å slå seg ned der.

I 1987 overga Santalmisjonen sjukehuset til en nasjonal diakonal stifting. Det driv no kurativ behandling med 30-40 senger. Dei har også tre-årig utdanning til jordmor og hjelpepleier og kortere helsekurs.

Tropisk storm
29. april 1991 ramma ein tropisk storm Bangladesh. Ein flodbølge på seks meter skylte innover det flate landet. Over 138.000 døydde og 13,4 millionar menneske blei råka. Verst var situasjonen i sør.

  • Det var eit press for at vi skulle komme ned dit og hjelpe til, fortel Ottar Hope.  Vi bad om forsterkning frå Noreg og det kom eit team med lege og sjukepleiar  som tidlegare hadde  jobba i Bangladesh og kunne språket og kulturen. Med i teamet var mellom anna Magne Skartveit frå Arna og Tysnes og Arne Dørdal frå Fana.

Mykje av Ottar Hope sitt arbeid i Bangladesh gjekk ut på veiledning og kvalitetskontroll. Han deltok også direkte i behandlingen av pasientar. Enkelte pasientar som hadde trong for det, fulgte han opp i lang tid, også på andre områder enn det medisinske. Han skaffa ein symaskin og sørga for opplæring til ein pasient som var arbeidsledig og ikkje kunne forsørge familien sin. Ein annan, som var lam i beina, hjalp han med å starta ein liten butikk i i landsbyen der han budde.

Under ein privat vitjing i ein landsby gjekk det føre seg ein fødsel der barnet sitt liv var truga. Ottar vart bodsendt og fekk redda livet til babyen.

Etter at han kom heim frå Bangladesh i 1992, har Ottar Hope arbeidd som overlege i indremedisin, infeksjonsmedisin og smittevern på Haraldsplass Diakonale Sjukehus. I eit års tid var han sjukeheimslege på Arna Helseheim.

Engasjement for sjukehuset
I alle år etter at han reiste heim frå Bangadesh har han vore engasjert for sjukehuset i Brahmanbazar og har vitja sjukehuset 1-2 gonger i året. Han fekk i stand ein venskapsavtale mellom sjukehuset i Bangladesh og Haraldsplass. Avtalen innebar at sjukepleiarstudentar frå Haraldsplass kunne ha praksis i Bangladesh. Men skilnaden mellom dei to opplegga blei for stor til at det kunne bli ei varig ordning.

Medan han er på vitjing på sjukehuset i Bangladesh går mesteparten av tida med til samtaler med leiinga og dei tilsette. På den måten kan han betre kommunikasjonen mellom dei tilsette og leiinga. Mange av dei tilsette meiner at det er lettare å snakka med ein som kjem utanfrå.

Ottar Hope fekk i 2016 Rotarys utmerking Paul Harris Fellow. Det gjorde også Erling Mjelde (til høgre). I midten Sveinung Mjelde, som då var president i Arna Rotaryklubb.

I eit samarbeid med Arna Rotaryklubb administrerte Ottar i nokre år ei ordning der fattige som budde i området ved sjukehuset i Brahmanbazar fekk gratis eller billegare behandling på sjukehuset. For sitt arbeid for dette sjukehuset fekk han i mai 2016 Rotarys utmerking Paul Harris Fellov.

Ottar gjekk av med pensjon som 70-åring. Då pandemien kom, gjorde han comeback som lege og dreiv mellom anna med vaksinering

Song og musikk er viktig for Ottar Hope. Her ved pianoet på ein songstund for bebuarar på Arna Helseheim.

Modne menn
Ottar Hope er ein heilstøpt misjonens mann.
Då han skulle trappe litt ned frå legegjerninga starta han ein misjonsforeining for eldre menn, kalla Modne Menn for Misjon. Foreininga har no eksistert i ti år. Den har om lag 16 medlemmer og har samla inn betydelege pengebeløp til misjonen.

Santalmisjonen gjekk frå 2001 saman med Det norske lutherske Indremisjonsselskap og Langesundfjordens indremisjonsselskap til Normisjon.

Foto: Ottar som Josef i julespelet som kyrkjelydane i Arna hadde i 2021. Det var ei rolle han også hadde hatt i guttedagane på Lone skule. (Foto: Audun Stølås)

Dei siste åra har Ottar engasjert seg sterkt i Galleri Normisjon, som et ein gjenbruksbutikk i Bjørnsonsgate på Kronstad i Bergen.

Han har i alle år vore aktiv i Haukeland Indremisjon, som driv bedehuset Betania på Lone. Her har han vore formann og hatt mange andre verv. Dei siste åra har hatt stått i spissen for ein stor basar i Betania til inntekt for skulegang for barn i Bangladesh.

Foto: Ottar har fleire gonger tatt med seg misjonsinteresserte på vitjing i Bangladesh for å auka misjonsinteressen. Her frå ein tur i 2009 med vitjing i Patorkhasia-kyrkjelyden i teplantasjen i Sylhet. Dei som budde i landsbyen hadde laga ein portal av blomar. Dei song og kasta blomar på dei besøkande frå Noreg. Til høgre Kirsten Hope og framfor henne Stig Stordal og Bjørg Marit Stølås. (Foto: Audun Stølås)

Kyrkjelyd i teplantasje
I Sylhet er det ein stor teplantasje. Langt inne i denne teplantasjen, i landsbyen Gulni, er det en kristen kyrkjekyd. Ottar har hatt nær kontakt med Patorkhasia-kyrkjelyden og fått i stand venskapssamband med Arna kyrkjelyd. Gulni-kyrkjelyden trong eit kyrkjebygg. Arna kyrkjelyd samla inn penger til materialer og folk i Gulni bygde kyrkja.

Sjøstjerna
Ottar Hope har i 2024 halde foredrag  på Møteplassen i Espeland fangeleir og på Arna Senioruniversitet. Under foredraget på Senioruniversitetet fortalte han at han ofte har kjent på den enorme nauda han såg i Bangladesh, ikkje minst under naturkatastrofen i 1991. Han spurde seg då kva nytte han kunne gjera sett i høve til den store nauda. Ottar fortalde då om ein liten gut som gjekk langs ei strand ein morgon og kaste sjøstjerner som låg på stranda ut i havet. Dei var skylla i land og når sola stod opp ville dei tørka inn. Ein gamal mann så det guten gjorde og spurte han om han ikkje såg det nyttelause i det han gjorde når han ikkje kunne hjelpe alle dei tusenvis av sjøstjerner som låg på stranda.

  • Jau, det ser eg, men for denne eine betyr det alt, svara guten og kasta sjøstjerna han held i handa ut i havet.

Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

5 kommentarer til “Ottar Hope – Espelandsgut som blei legemisjonær og sjukehusbyggar i Bangladesh”

  1. Kåre Rune Hauge avatar
    Kåre Rune Hauge

    Flott å lese om Ottar og hans arbeid heime og ute!

  2. Ove Mellingen avatar
    Ove Mellingen

    Imponerende livsgjerning Ottar Hope har bak seg. Takk for innsatsen og takk for at det blir delt.

  3. Audny avatar
    Audny

    Så mykje hjartevarme og omtanke for det einskilte menneske . At han har kunna vunne på alt ? Tenk kor mange som har fått gleda i det du har gjort. Eit ❤️ for deg.

  4. Gerd Johanne Nyheim avatar
    Gerd Johanne Nyheim

    Ja, det er ikkje mange som deg i bygda vår.
    Litt av ei historie og liv du har hatt. Lukka til videre.

    1. Gunnvor Kvam avatar
      Gunnvor Kvam

      Takk til Ottar. Han og Kirsten er eit førebilde for mange.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *