Turid Sveen – pianolærarinne, Bjørnekrem-fabrikant og bystyrepolitikar

Foto: Turid Sveen trivst i Indre Arnavegen. Foto: Audun Stølås)

Turid Birgithe Krogh Sveen blei fødd 3. juni 1951. Ho blei fødd inn i ein meget velståande familie. Barndomsheimen var i Villaveien 1 på Nygårdshøgda. Ho gjekk på Steinerskulen, som heldt til i Villavegen 5.

  • Ein dag møtte eg ein skorsteinsfeiar frå Arna og han fridde etter ei veke. Eg var då under 18 år og måtte spørje mor om lov, og ho svara ja, fortel Turid.

Skorsteinsfeiaren het Atle Sveen og dei har no vore gift i 54 år og bur i Indre Arnavegen.

Foto: Turid traff ein dag ein skorsteinsfeiar frå Arna. Han fridde etter ei veka. No har dei vore gift i 54 år. (Foto: Audun Stølås)

I 1973 fekk dei seg hus på Espeland og måtte ta eit lån på 110.000 for å kunne kjøpe det. Turid selte då pølser i Espelandshallen. Ein dag kom Erling Mjelde og sa at dei mangla ein til slagverket i Janusmusikken. Turid var då pianolærarinne  og sa ja til jobben med slagverket. Seinare blei ho beden om å bli formann i Janusmusikken. Ho sa ja til det også.

  • Alt det eg har lært om demokrati, administrasjon, leiing og takt og tone lærte eg i desse åra i Janusmusikken, fortel ho.

Ein dag kom Ole Johan Hauge i Røde Kors og ville ha jo med på å starte Arna barnehjelp. Ho var også med å starte eit musikklag for psykisk utviklingshemma. Det her Grenseløs glede. Ho fekk prisen Det gylne egg som den mest kreative.

Da faren hennar, Olaf Sælen, døydde i 1995, overtok Turid og Atle driften av den familiedrevne produksjonsbedriften Bebel Fabrikk.

  • Min far var ein fantastisk mann. Han sa aldri eit stygt ord om nokon, seier Turid.

Olaf Sælen hadde drevet fabrikken i over 50 år. Bedriften blei kjøpt av Turids bestefar Rasmus Sælen.  Den produserer mellom anna skokremen Bjørnekrem og ovnssverte med voks. Fabrikklokala låg først i Industrihuset på Møhlenpris og seinare på Espeland. Dei fekk kjøpt husa i Lonaleitet 9 og 11 der Randolfen hadde hatt sin sportsbutikk og Kversøen sin bruktbilbutikk. I fem år dreiv dei daglegvarebutikken Turids Snarkjøp i Espelandshallen.

Foto: Bjørnekremvogna stod i mange år til nedfalls på Espeland. No har Roger Iversen restaurert vogna. Foto: Audun Stølås)

Bebel Fabrikk blei kjend for den spesialproduserte Bjørnekrembilen, som i mange år stod utanfor Hotel Norge i Bergen sentrum. Her kunne folk få pusset sine sko. Seinare stod bilen på Blomstertorget og kom etter det til Espeland. Der stod den i fleire til nedfall før Roger iversen  resturerte den. No står den på Nøsteboden og er ope ved spesielle høve.

Skopussevogna utanfor Hotel Norge fekk konkurranse av 30-40 menn frå Romania, som sat på Torgalmenningen og pussa sko. Konene deira solgte roser. Turid smurte brødskiver til dei. Ho ga arbeid med å mala huset hennar i Villaveien. Etter kvart var det fleire i familien og andre som ga dei jobb. Dette blei starten til Romanihjelpen.

Då Turid blei 67 år og fekk sin første pensjon, fekk ho sjokk då ho oppdaga kor liten pensjonen var. Ho gjekk då inn i Pensjonistpartiet. Ho blei leiar for lokallaget i Bergen og stod første på partilista ved valet i 2019. Ho kom inn i bystyret. Då ho hadde sin første tale i bystyret fekk ho applaus som Herman Friele tok initiativet til.

Etter kvart gjekk ho ut av Pensjonistpartiet og blei sjølvstendig representant i bystyret. Etter at perioden i bystyret var over danna Turid enkeltmannsbedriften Turid Sveen Håp og Optimisme. Ho ser det slik at einsemd ig utanforskap er store utfordringar i det norske samfunnet i dag.

  • Pensjonene er blitt betre. Jan Davidsen og Pensjonistforbundet har mykje av æren for det, seier Turid.

I 2015 selte Turid barndomsheimen i Villaveien. Dei flytta inn i ein leilegheit i Møllendalsveien. Men etter to år kom dei til at dei ikkje trivast der. Då flytta dei til einebustaden i Indre Arnavegen 163.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *