Bergfrid Almelid frå Langedalen driv store landbruksprosjekt i Mali

Foto: Bergfrid Almelid frå Langedalen i Arna har i lange perioden vore den einaste norske misjonæren i Mali, men lar seg ikkje skremme av den grunn. (Foto: Audun Stølås)

Bergfrid Almelid er fødd 12. september 1963. 10 av dei 14 første åra hennar budde ho i Etiopia, der foreldra hennar, Anlaug og Gunnar Almelid, var misjonærar for Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM). Dei åra ho var i Noreg budde ho på Tungland i Langedalen. Der budde også to tanter, Åshild og Bjørg Mæstad, som begge blei misjonærar i Kenya

Bergfrid har alltid kjend på ein tilhørigheit til afrikansk kultur.

Ho gjekk på Garnes ungdomsskule og Arna gymnas. Etter det arbeide ho i 2 år i Bergen krins av NLM mellom anna som barnearbeidar og leiar på leirar.

I 5 år studerte ho på det som då heite Noregs landbrukshøgskule på Ås og som i dag har namnet Norges miljø- og biovitenskapelige universitet. Ho blei då sivilagronom.

Etter det arbeide ho på landbrukskontoret i Gildeskål kommune i Nordland. Så gjekk ho eit år på Misjonsskulen på Fjellhaug i Oslo.

I 1997 blei ho utsendt som misjonær til Elfenbenskysten i Vest-Afrika og var der ein periode. Etter det var ho heime i 3 år. Då ho etter planen skulle reise ut att til Elfenbenskysten, var det borgarkrig i landet. I 2003 blei det inngått fredsavtale mellom opprørshæren og regjeringshæren og Bergfrid reiste då attende til Elfenbenskysten. Men freden varte ikkje  lenge. I 2004 braut borgerkrigen ut på nytt. I 2005 blei ho og dei andre norske misjonærane evakuert til Mali. Derfrå fulgte dei opp prosjekta sine i Elfenbenskysten.

I åra frå 2008 til 2011 var Bergfrid heime i Noreg og tok ein universitetseksamen i praktisk pedagogikk.

I 2011 reiste ho ut att til Mali. Det blei uro også der og misjonærane blei evakuert til Noreg. To år seinare var dei attende i Mali. Bergfrid har særleg hatt sitt arbeid mellom malinke-folket i hovudstaden Bamako og landsbyen Marena i det vestlege Mali. Ho har drevet med relasjonsbygging, barneklubber og graving av brønnar.

Bergfrid har også hatt nokre store prosjekter innan naturforvaltning. Den omfattande gullgravinga i tidlegare tider i landsbyane har etterlate seg store hull i landskapet. Beitedyr ramler oppi desse hulla og døyr.

Det er oppretta forvaltningskomitear som har planta trær. Under gullgravinga blei vatn nytta til å vaske bort jorda. Forurensa vatn rann ned i elvane og førte til uttørking. Tiltak er sett i verk for å få fisken attende i elvane i store mengder. Dette har gitt gode resultater. I 2023 blei det fiske 10 tonn med fiske.

Det er også sett i gang nydyrking av grønsaker. I det siste har folk kome heit frå nabolandet Guinea fo å kjøpe grønsaker i Mali

I det siste er det starta eit nytt prosjekt der vatnet blir brukt ti dyrking av ris på elveslettene.

Eit prosjekt som har hatt kjempesuksess er mikrofinansiering. Prosjektet går ut på at deltakarane sparer pengar og så får kvar av deltakarane nytta alle pengane etter tur. Pengane blir lånt ut for ein periode og deltakarane bestemmer sjølv renten. Ingen har mislighaldt desse låna. Fleire av bøndene har dobla dyrkingsarealet sitt ved hjelp av desse låna.

I eit anna prosjekt er om lag 100 bønder lært opp i poding av fruktbusker. Dei dyrkar mellom anna ein frukt som ser ut som plommer og smaker som eple. Kvar busk gjev om lag 100 kilo frukt.

Bergfrid er no den einaste norske misjonæren i Mali. Kirkens Nødhjelp har også ein norsk kvinne i Mali.

Bergfrid er med i eit prosjekt som omsett Bibelen til malinke-språket. Ho har også fått hand om filmar som fortel om det profetane i Bibelen fortel om Messias. Filmane er laga av tidlegare muslimer i Nord-Afrika. Filmane er no blitt dubba til ein stor språkgruppe i Mali. Filmane blir vist i landsbyane og etterpå samtaler folk om det dei har sett


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

3 kommentarer til “Bergfrid Almelid frå Langedalen driv store landbruksprosjekt i Mali”

  1. Roald Orvedal avatar
    Roald Orvedal

    Fantastisk med slike mennesker som ofrer seg for andre. Det er godt å lese om slike mennesker nå med all elendigheten i verden. Hvorfor har ikke dette mer mediainteresse?

  2. Kjell Ytrearne avatar
    Kjell Ytrearne

    Flott historie om å halde ut og fokusere på målet, same kva som skjer. Makroøkonomi har jo faktisk gått heile vegen til Nobels fredspris.

  3. Kjell Ytrearne avatar
    Kjell Ytrearne

    Skal sjølsagt vere MIKROøkonomi. Autokorrektur er djevelens verk!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *