Foto: Erling Revheim frå Ytre Arna har sidan midten av 1980-talet samla på jagarfly (Foto: Public domain (Falt i det fri)
Erling Revheim blei fødd 11. mai 1946 og vaks opp i Ytre Arna.
I ungdomen var hans store draum å bli jagarflygar, men han var nærsynt og det sette stopp for den draumen. I staden gjekk han på Bergen Kunsthandverksskule og blei møbeldesignar og interiørarkitekt. Han tok diplomeksamen i 1972.
Revheim er mest kjend for stolen Avenue, som blei selt i over 500.000 eksemplar. Han opprette eige firma i 1976 og arbeide for fleire norske møbelfabrikkar. Frå 1984 arbeide han særleg for møbelprodusentar i USA, New Zealand og Malaysia. Frå år 2000 har han vore engasjert av logistikkorganisasjonen i Forsvaret og har designa møbler til Marinen sine skip.
Foto: Stolen Avenue, som er selt i over 500.000 eksemplarar. I 1986 pryda den framsida av det internasjonale tidsskriftet Interiors. Foto: Public domain (Falt i det fri)
Å samla på jagarfly har vore ein stor lidenskap for Erling Revheim frå midten av 1980-talet.. Og då er det ikkje snakk om små miniatyrmodellar, men om utrangerte jagarfly i full storleik.
- Blir du bitt av denne basillen, blir du aldri frisk igjen, uttala Revheim i eit intervju med Bergens Tidende. Det er reinspikka kjærleik. Sjå dei flotte linene. Som designar blir eg varm om hjarterøtene berre ved synet av den flykroppen, sa han.
I ein sykkelbod i Åsane har han ein Starfighter. Dette flyet blei laga i USA og kom til Bodø på eit amerikansk hangarskip 13. august 1963. Flyet er den første Starfightharen som det norske Forsvaret tok i bruk. Flyet blei vrak under ei buklandling i Tyskland 17. januar 1978. Revheim fekk tak i det som var att av flyet på Sørlandet i 1991.
Det andre jagarflyet til Revheim er ein Sabre jetjagar. Den står ved hytta hans i Nordhordland. Dette flyet blei produsert i USA i 1954. Året etter kom det til Noreg som det andre i det norske Luftforsvaret. Det var i bruk til juli 1967.
Han har brukt mange år på å samle deler til dei to flya. Dette er ein sjeldan hobby. I Noreg er det berre Erling Revheim og to andre som driv med dette. Men har har eit stort internasjonalt kontaktnett på dette feltet.
Legg igjen en kommentar