Aslaug Garnes Johnsen – ein bauta for skule og kultur i Arna

Jubileumskomiteen for kyrkjejubileet i 2015 saman med deler av staben. Frå venstre Kristen Øgaard, Cathrine Snipsøyr, Ingmar Ljones, Marianne Fanebust, Audun Stølås , Aslaug Garnes Johnsen, Benthe Vevle, Møyfrid Opheim, Jon Tesdal og Svein Inge Myhr. Foto: Jon Tesdal

Aslaug Garnes Johnsen blei fødd på Garnes 19. oktober 1924. Ho døydde 13. november 2021, 97 år gamal.

Ho budde på Rasmusgarden på Garnes i alle år, bortsett frå dei åra ho utdanna seg til formingslærar i Oslo. Ho var yngst i ein syskenflokk på sju. Familen var oppteken av utdanning. Bestefaren Rasmus bygde på huset sitt for at hans gode ven Christian Hambro kunne drive folkehøgskule der. Grandtanten til Aslaug, Bertha Garnæs, skipa «Bertha Garnæs Haandgjerningsskule» i 1888. Aslaug blei lærar på denne skulen i 1947 og var rektor frå 1950 til ho blei pensjonist i 1994.

ANNONSØRINNHOLD

Møkkasprederne. En krim av Audun Stølås

Nå kr. 40

Møkkasprederne. En krim av Audun Stølås | FINN torget

Skulen blei for liten og fylkeskommunen hadde ikkje penger til ny skule. Då skaffa Aslaug sjølv finansieringa. Det nye skulebygget blei innvia i 1976. I dag driv Frelsesarmeen sitt gatehospital i dette bygget.

Etter at Aslaug blei pensjonist overtok Hordaland fylkeskommune drifta.
Det skjedde frå 1.juli 1968 og skulen vart då fylkeskommunal husflidskule. Frå 1.august 1988 vart skulen Garnes vidaregåande skule.

I 1994 fekk ho tildelt Kongens fortenestemedalje.

Aslaug har vore engasjert i kulturlivet i Arna på mange måtar. Saman med Ingerid Ryssdal dreiv ho i mange år kulturkafeen på Ådnatun museum. Ho var med i nemnda for restaurering av prestegarden i Arna og i jubileumskomiteen for kyrkjejubileet i Arna i 2015. Ho har skreve boka «Garnes husflidskule i 100 år 1888 1988». I vaksen alder studerte ho lokalhistorie ved Universitetet i Bergen

I eit minneord i Bygdanytt og Bergens Tidende skreiv Aud Åsne Kvamme at Aslaug Garnes Johnsen var raus, mild og rettferdig. Ho var ein dyktig rektor med med stor omsut for elevar og medarbeidarar. Ho blei hedra med Mål og Miljø si rose i 2013.

Musikkduoen Garness, som er sett saman av tvillingane Ingelin Reigstad Norheim og Hildegunn Garnes Reigstad, er hennar barnabarn


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

3 kommentarer til “Aslaug Garnes Johnsen – ein bauta for skule og kultur i Arna”

  1. Gerd Johanne Nyheim avatar
    Gerd Johanne Nyheim

    Så kjekt å lese historia.
    Ho var ei snild,flink og rettferdig dame.
    Eg var så heldig å ha henne som lærer på Husflidsskulen.
    Elles kjent henne og familien i alle år.

  2. Ellen Johanne Thunes avatar
    Ellen Johanne Thunes

    «Etter at Aslaug blei pensjonist overtok Hordaland fylkeskommune drifta.»
    Hordaland fylke tok over drifta 1.juli 1968 og skulen vart då fylkeskommunal husflidskule. Frå 1.august 1988 vart skulen Garnes vidaregåande skule.

    1. Audun Stølås avatar

      Takk for din kommentar. Eg har no lagt den inn i saka om Aslaug.’
      Helsing Audun Stølås

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *