Rune Henrik Berge er godt orientert om det som skjer i Arna. Foto: Audun Stølås
Rune Henrik Berge blei fødd 1. september 1954. Han blei fødd i fødestova til Marta Skeie i Rokneholo i Indre Arna.
Faren var Leif Berge, likningssjef i Haus kommune. Mora var Astrid Berge, den første nattevakt på Arna Helseheim etter at heimen blei opna i 1955. Det første året etter at Rune blei fødd, budde familien i Ytre Arna. I 1955 flytta dei inn i ny bustad i Stølsvegen i Indre Arna.
Rune arbeide i mange år som vaktmeister i Bergen kommune. Han gjorde teneste både i Arna og Åsane.
For åtte år sidan begynte han som frivillig i Espeland fangeleir. Han var med på å bygge opp arbeidet i fråhaldslaget i Ljoshall. Mellom anna var han med på å arrangere dans for handikappa saman med Jørgen Eliassen.
Han er også aktiv medhjelpar i Arna kyrkjelyd.
Rune Henrik Berge er svært godt orientert om det som skjer i Arna.
Legg igjen en kommentar