Jan Davidsen  Raa – brannmann, politikar, forbundsleiar og pensjonistleiar

Jan Davidsen Raa er mangeårig forbundsleiar. Foto: Wikimedia

Jan Davidsen Raa er fødd 24. juli 1949.

Han utdanna seg til brannmann og fekk sine første røynsler i fagrørsla i Brannmennenes Fagforeining i Norsk Kommuneforbund. Han blei vald til nestleiar i Norsk Kommuneforbund i 1990. Frå 1995 til 2003 var han leiar i Norsk Kommuneforbund. Han blei leiar i Fagforbundet frå starten i 2003. Han gjekk av på landsmøtet i 2013.

Davidsen Raa hadde fast plass i LO-sekretariatet. Han var medlem av sentralstyret i Arbeiderpartiet og i styret i A-pressen (No Amedia)..

Både tidlegare Senterpartileiar Åslaug Haga og tidlegare SV-leiar Audun Lysbakken har uttalt at Jan Davidsen hadde ein viktig rolle for den den raud-grøne valsigeren ved valet i 2005. Det var gjennom han at dei to partia fekk ein slik tillit til Arbeiderpartiet at dei kunne gå saman i regjering. Han blir også rekna som sentral då LO i 1994 snur til eit nei til EU.

Jan Davidsen blei valt til leiar i Pensjonistforbundet i 2015. Han var medlem av Bergen bystyre frå 2015 til 2019.

Kona Åse er frå Våge på Tysnes. Dei har tre søner.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *