Bjørg blei vigsla til misjonær under ei misjonssamling på Kongshaug på Lepsøy i 1976. Frå venstre faren Olav Mæstad, Bjørg, mora Borghild og søster Åshild Mæstad. (Foto: Audun Stølås)
Bjørg Olaug Mæstad er fødd 20. mai 1949 på Tungland i Langedalen.
Bjørg Olaug som elev på Kongshaug folkehøgskule 1967-68. (Foto: Privat)
Ho gjekk på lærarskulen i Kristiansand frå 1968 til 1972.
Bjørg hadde vore misjonær i Kenya i 14 år då ho blei utsett for ein svært alvorleg trafikkulukke. Ho fortel om dette i eit intervju med Kyrkjelydsblad for Arna nr. 3 – 2007.
Ein søndag kveld i november 1990 skulle ho kryssa Trondheimsvegen i Oslo då ho blei påkøyrt av ein bil i høg fart. Bilføraren var i ferd med å skifte fil og prøvde å bremse, men sklei langs trikkeskinnene i uendra fart. Ho blei førd med bilen eit langt stykke oppover gata. I politirapporten er augnevitne sitert på at ingen kunne overleve ein påkøyrsel av ein bil i ein slik fart, som blei anslått til 80-90 km/t.
Bjørg Olaug brekte bakhovudet, brekte ein ankel og fekk slagskader i skulder og kne. Men verst var dei usynlege skadane inne i hovudet. På Ullevål universitetssjukehus låg ho i kona i fire dagar utan å kunne puste sjølv.
Ho overlevde på mirakuløst vis. Men det var ein lang og tung prosess å kome tilbake til livet. Ho hadde periodar med kolsvart depresjon der ho bad Gud om å stue henne bort i ein skuff. Men samstundes opplevde ho nye sider ved Guds kjærleik.
Det var mange som ba for henne i denne perioden. Då hennar misjonærkollega i Kenya, Jon Jøssang, fekk høyre om ulukka, sette han seg ned og ringte til alle han kjente og forsikra seg om at dei ville be for Bjørg.
Bjørg måtte lære alt på nytt. Knappe to år etter ulukka begynte ho i ein halvdags stilling i hovudkontoret til Misjonssambandet i Oslo. Ein dag på jobben høyrde ho at ein kollega brukte ordet nåde. Ho visste ikkje kva dette sentrale ordet frå Bibelen innebar. Då ho kom heim slo ho opp i ein bibelordbok. Det var eit stort og sterkt ord, tenkte ho. Og lurte på om ho kunne ta det til seg.
Seinare studerte ho engelsk i Oslo og i USA og tok ein master i engelskundervisning. Etter det var ho i Kina i 20 år og arbeide som universitetslærar. Ho kom tilbake til Bergen for fire år sidan. Etter at ho blei pensjonist har ho hatt ein deltidsstilling i Bergens Indremisjon der ho har hatt fokus på misjon og sjelesorg.
Bjørg Olaug Mæstad talar på misjonsdagen i Indre Arna Kyrkjelydshus søndag 21. januar 2024. (Foto: Audun Stølås)
Bjørg har to søstrer som også blei misjonærar. Annlaug blei gift med Gunnar Almelid og dei blei misjonærar i Etiopia. Åshild var misjonær i Kenya. Ei dotter til Annlaug og Gunnar Almelid, Bergfrid Almelid, er misjonær i Mali.
Ved å trykke på linken under kan du lese heile intervjuet med Bjørg Olaug i Kyrkjelydsblad for Arna nr. 3 – 2007:
Legg igjen en kommentar