Hilmar Anton Severin Vasstrand – presten som vigsla Takvam kapell i 1926 og laga hagen Sanatoriet i Haus

Bildetekst: Haus-presten Hilmar Anto Severing Vasstrand saman med kona Anna, fødd Sandborg. Ho døydde i Haus i 1957, 85 år gamal.

Hilmar Anton Severin Vasstrand er presten som i 1926 vigsla Takvam kapell. På Osterøy er han mest kjent som presten som laga den vakre hagen Sanatoriet i Haus.

Hilmar blei fødd 4. januar 1862 i Ålesund. Faren var kjøpmann og bonde i Ålesund. I sin ungdom har han vore sjømann og i 1883 tok han styrmannseksamen I 11894 blei han student og i 1889 avla han teologisk embetseksamen. Året etter, i 1890, var han ferdig med praktikum og blei ordinert som hjelpeprest for sjømannspresten i Buenos Aires i Argentina.

1. november året etter blei han hjelpeprest ved sjømannskyrkjene i England og Skottland. Han gifta seg med Maria Sandborg i Leith i Skottland 28. juli 1892. Ho var dotter av Hans Nicolai Sandborg, som var kjøpmann i Ålesund.

12. januar 1894 blei Vasstrand utnevnt til sjømannsprest i Buenos Aires. 23. mai same år døydde Maria i Buenos Aires og blei gravlagt der. Maria er då 28 år gamal. To år seinare, i 1896, gifter Vasstrand seg med ein seks år yngre søster av Maria, Anna Sandborg. Bryllupet stod i Ålesund. Ho blei fødd 24. september 1871 i Bergen. Anna døydde i Haus i 1957, 85 år gamal.

Vasstrand blei utnevnt til residerande kapellan i Kinn i 1899. I 1906 blei han sokneprest i Fjaler. Han blei sokneprest i Haus i 1912. På prestegarden i Fjaler hadde Vasstrand fleire husdyr. Desse tok han med seg til Haus. Han leigde ein stor båt for å få med seg hest, ku, høner, ender, hund og katt, i tillegg til familien.

Vasstrand var prost på Osterøy til 1917. Han var sokneprest i Haus i 20 år, til 1932. Han og Anna blei buande i Haus etter at han gjekk av som prest. Vasstrand var ein populær prest. Han hadde god greie på plantevekster og særleg trær. Folk på Osterøy spurte han gjerne om kva for trær det var gunstig å planta på ulike stader.

I åra 1914-15 laga han hagen i Haus som har fått namnet Sanatoriet. Namnet skal koma av at Vasstrand ved eit høve omtala staden som reine Sanatoriet, ein fin og lun stad, der nesten alt kunne veksa. Hagen har mange snøklokker og ein stor eføy. Dei siste åra er hagen blitt oppgradert til eit «rekreasjnsparadis». Tusenvis av dugnadstimer er lagt ned. Ikkje minst har mange ungdomar i Haus gjort ein stor innsats. Det er mellom anna laga ny brygge i tre. Sanatoriet er blitt ein populær badeplass like nedanfor barnehagen i Haus

Skjærtorsdag 1.april 1926 vigsla Vasstrand Takvam kapell.

Takvam kapell (Foto: Audun Stølås)

Lærar Kristina Brunborg tok det første initiativ for å få bygd eit kapell på Takvam. Gravplassen på Takvam blei vigsla 15. oktober 1912 av biskop John Willoch Erichsen. 6. januar 1922 utga Kristina Brunborg saman med nokre menn i bygda, ei innsamlingsliste der folk kunne gi pengar til å byggja eit kapell på gravplassen. Kristina var då leiar for eit kvinnelag på Skuggestrand.

Fram til utgangen av 1925 kom det inn 865,50 kroner på lista. 7-8 kvinnelag arbeide også med å skaffa kapital til kapellet. Det var kome inn 2.655 kroner då handelsmann Karl Herland lånte ut 2.655 kroner slik at bygginga kunne koma i gang. Knut Tunes, Johannes Tunes, Karl Herland, Ole Herland og Lars Brunborg var med i byggjenemnda. Byggmeistar Ivar Namtveit laga teikningane og Anders Koppen sette opp kapellet.

Vasstrand døydde i Haus 31. mai 1938, 74 år gamal.


Publisert

i

av

Stikkord:

Kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *